Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Olbogebrot hos vaksne

Det finst fleire behandlingar for deg som er vaksen og har fått brot i olbogen.

Albueleddet består av overarmsbeinet (humerus) og dei to underarmsbeina spolebeinet (radius) og albubeinet (ulna). Ved ein brotskade i olbogen kan ein eller fleire av desse beina vere brekte. Av og til blir også leddbandet skadd. Brot i olbogen skjer oftast etter fall på strak arm eller fall direkte på olbogespissen. Dersom det er avstand mellom bruddbitene eller om brotet står skeivt, treng ein vanlegvis ein operasjon. Er brotet i ei stilling som ikkje krev operasjon kan skaden vanlegvis behandlast med gips, fatle eller skjene i ein periode.

Tilvising og vurdering

Ved brotskade eller mistanke om brotskade etter mindre uhell kontaktar du legevakt. Ved openberre brotskadar etter større uhell og ulykker ringer du 113.

Utgreiing

Dersom du har skada olbogen tek me røntgenbilete for å sjå om han er brekt. Ved større brotskadar, vurderer me desse nærare med ei CT-undersøking. I tillegg undersøker legen armen din for å sjekke om du har skada nervar, blodkar, sener eller musklar.

Røntgen

Røntgenbilder av olbogen viser olbogeleddet og deler av over- og underarmsbeina. Vi utfører undersøkinga for å sjå om du har fått eit brot i og/eller rundt olbogeleddet ditt. Undersøkinga krev inga spesiell førebuing og varer frå 3 - 20 minutt.

CT

Det kan bli nødvendig med ei CT-undersøking av olbogen din. CT gir meir detaljerte bilete av brotet og er nyttig for å planlegge ein eventuell operasjon. Undersøkinga krev inga spesiell førebuing og varer frå 10 – 20 minutt.

Behandling

Olbogebrot hos vaksne - for deg som ikkje treng operasjon

Viss brotet i olbogen din står i ei stilling som ikkje treng operasjon, kan me behandla brotet ditt med gips i ein til tre veker. I nokre tilfelle kan du begynne å bevege olbogen med éin gong utan noko form for behandling. Vi som behandlar deg vurderer dette. For at olbogen ikkje skal bli stiv er det viktig å begynne og bevege olbogen og gjere øvingane vi instruerer deg i når du kjem heim.

Olbogebrot hos vaksne- for deg som treng operasjon

Ikkje alle som får brot i olbogen treng operasjon. Ein operasjon er nødvendig dersom det er avstand mellom bruddbitene eller om brotet står skeivt. Målet med operasjonen er å sette brotet på plass slik at det gror i rett stilling.

Dersom du treng operasjon for å behandla brotet i olbogen din finst ulike operasjonar for ulike typar brot i olbogen.

Nasjonal kompetanseteneste for olbogekirurgi har meir informasjon om behandling og oppfølging, og spreier kunnskap og kompetanse om akutt og planlagd olbogekirurgi.

Oppfølging

Fysioterapi

Egentrening

At du trenar sjølv er viktig for at olbogen din skal bli best mogleg. Du skal begynne med dei daglege aktivitetane dine gradvis, når du kjem heim. Dette er ein del av eigentreninga di. Du får informasjon om kva du skal vere varsam med under aktivitet og trening.

Fysioterapi når du kjem heim

Vi anbefaler at du tek kontakt med den lokale fysioterapeuten din for oppfølging innan to veker. Der får du hjelp med tilpassing av øvingar og vidare trening av olbogen din. Kor ofte og lenge du bør gå til fysioterapeut avheng av funksjonen din og kva type aktivitet du skal tilbake til. Oversikta over fysioterapeutar med kommunal avtale finn du på nettsidene til kommunen din.

Tilvising og eigendel

Du treng inga tilvising til fysioterapeut for å få behandling. Oversikt over frikort og eigendelar hos fysioterapeut finn du på Helsenoreg.no. 

Kontrollar og oppfølging

Kontroller på sjukehuset

Du får vanlegvis kontrolltime(r) med røntgen på sjukehuset seks til åtte veker etter skade eller operasjon der legen vil vurdere om brotet er grodd. Det kan også vere behov for kontroll hos fysioterapeuten i same periode. Vanlegvis er det ikkje nødvendig med kontroll hos fysioterapeut om du ikkje er operert.

Smertestillande

Smerter etter olbogebrot er normalt, både når du kviler og er i aktivitet. Legen på sjukehuset vurderer behovet for smertestillande medisinar som du kan nytte dei første vekene. Ta kontakt med fastlegen din om du har behov for smertestillande utover det du har fått på sjukehuset.

Varig svekte funksjon

Nokon oppnår ikkje full rørsle i olbogen, men forskjellen frå før skaden er som regel så liten at det ikkje har noko å seie i det daglege livet. Om skaden har gitt varig funksjonsnedsetting, som til dømes kronisk stivhet eller nerveskade, finn du informasjon om tenester og ytingar på nettsidene til NAV. Informasjon om dine mogelegheiter til å søkja erstatning får du gjennom Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Ofte stilte spørsmål

Kor lang tid tek det før eg blir bra igjen?

Det kan ta lang tid å få god funksjon i olbogen etter brot. Det er normalt at det tek over eitt år før ein kjenner seg heilt fin igjen. Olbogen er ofte stiv og vond å bevega, men dette blir gradvis betre.

Treng eg nokon hjelpemiddel?

Me tilpassar eit fatle om du treng å kvila armen når du står oppreist. Du skal berre bruka fatla ved behov og ikkje lengre enn to veker. Det er viktig at armen blir teken ut av fatla fleire gonger dagleg for å bevega olbogen.

Nokre pasientar treng ei støtteskjene på olbogen fram til brotet har grodd. Me tilpassar denne om du treng det. Du får instruksjon i korleis du skal ta han av og på, og dessutan korleis du justerer han.

Sjukmelding

Legen på sjukehuset gir deg sjukmelding om du har behov for det. Lengda på sjukmeldinga avheng av kva slags skade og kva type jobb du har. Om du treng forlenging av sjukmeldinga tek du kontakt med fastlegen din.

Når kan eg jobbe igjen?

Du bør ha lite smerter og god funksjon i armen før du begynner på jobb igjen. Snakk med arbeidsgivaren din om tilrettelegging på arbeidsplassen viss nødvendig. Du finn også informasjon om tilrettelegging av arbeidsplassen på nettsidene til NAV.

Kan eg køyra bil?

Normalt bør ein venta til brotet har grodd. Du er sjølv ansvarleg for å vurdere om du er i stand til å køyre bil. Du må vere i stand til å gjere ein rask unnamanøver, bruke handbrekk, og eventuelt gire manuelt. Du skal også vere i stand til å hjelpe i ein nødsituasjon. Du kan ikkje køyre bil om du tek smertestillande medisinar med raud trekant. Det er lurt at du forhøyrer deg med forsikringsselskapet ditt om bilkøyring før brotet er grodd.

Når kan eg komme tilbake til skulen?

Nokon har behov for å vere heime eit par dagar etter operasjon eller skade. Du kan starte opp på skulen så fort du er klar for det.

Kan eg ha kroppsøving før brotet har grodd?

Du kan få med eit skriv frå sjukehuset om at du treng tilpassa aktivitet. Kroppsøvingstimen kan brukast til å gjennomføra eigentreningsøvingar eller gå til fysioterapeut.

Kan eg jogge, sykle og bade?

Du bør unngå aktivitetar med fare for fall dei første tre månadene. Om du har skadd leddband i olbogen bør du avstå frå symjing i minst tre månader etter skade eller operasjon. Om du er operert kan du bade når stinga er fjerna og såra har grodd.

Kan eg gå på treningssenter?

Du kan trene på treningssenter om du vil. Det er viktig at du kan bevege olbogen normalt utan smerter før du trenar styrke med den aktuelle armen. Vanlegvis tek dette tre–fire månader om du ikkje er operert, og minst tre–fem månader om du er operert. Dette bør du avklara med sjukehuset som behandla deg. Du kan gjera annan type trening, til dømes kondisjonstrening, i denne perioden.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.