Stord DPS

Vi ønskjer å gi deg sjansen til å leva eit best mogleg liv, med deltaking, sjølvstende og evne til å meistre kvardagen. Saman med deg lagar vi ei individuell tilpassa behandlingsplan for å oppnå det.

Les meir om Stord DPS

Stord DPS

AAT (akutt ambulant team)

 
Vi møter deg der du er.

Tilbodet vårt er til både vaksne og barn. Hos oss finn du psykiatriske sjukepleiarar, sosionomar, psykolog og lege.

Vi er der for deg med akutte psykiske helseproblem og som har behov for meir fleksibel oppfølging enn tradisjonell poliklinisk behandling.

Oppfølginga vår er som regel kortvarig, det vil seie to til tre månader.

Vi samarbeider også med Stord legevakt gjennom «Rask Bistand», der pasienter får vurderingssamtaler dagen etter besøket på legevakt.

Allmennteam

Målet vårt for deg som er pasient hos oss er å redusere symptom og lidingstrykk, og å betre din funksjon kvardagen slik at du kan klare deg utan hjelp frå oss på DPSet.
 
Det skjer ved ulike samtaleterapiar som psykodynamisk terapi og kognitiv åtferdsterapi, og ved spesialisert traumebehandling og medikamentell behandling.

Behandlinga blir gjennomført både individuelt og i grupper.

I behandlinga samarbeider vi ofte med fastlegen din, NAV, kommunen, døgneininga eller andre som kan bidra for å hjelpe deg.

Kven møter du?

Vi har psykologspesialistar, psykologar, psykiatrar, psykiatriske sjukepleiarar, sosionom og legar som er med på di behandling.

Døgneining og rehabiliteringspost

Vi ønskjer å gi deg sjansen til å leva eit best mogleg liv, med deltaking, sjølvstende og evne til å meistre kvardagen. Saman med deg lagar vi ei individuell tilpassa behandlingsplan for å oppnå det.
 
Du som er pasient hos oss tilhøyrar ei ansvarsgruppe som følgjer deg under heile opphaldet. Det er din behandlar og primærkontakt som samarbeider med deg om ditt behandlingsopplegg.

Hjelpa vår til deg skal ytast med respekt for din integritet og dine behov.

Hugs at hos oss har alle teieplikt

Kva skjer hos oss?

  • Miljøterapi, som inneheld vern, støtte, struktur, engasjement og gyldiggjering.
  • Samtalar med deg
  • Fysisk aktivitet
  • Undervisning om tema som fysisk aktivitet, kosthald, medisinar og søvn
  • Har du born over 18 år vil du få tilbod om familiesamtalar

 

Skal du til oss, hugs å ta med

  • Toalettsaker
  • Gode sko, eit par for å bruke inne og eit par for å bruke ute
  • Regnklede og godt yttertøy

For besøkande

Etter klokka 15.00 blir hovuddøra til Stord DPS låst. Besøkande må etter dette bruke telefonen utanfor for å komme inn.

Det er inga fast besøkstid, men tilrådd tid er mellom 16.00 og 21.00, på tilvist rom. Pasientane må sjølv passe på at det ikkje kolliderer med behandlingsopplegget.

Gruppeteam

Teamet består av psykiatriske sjukepleiarar og tilbyr ulike gruppetilbod.

Vi tilbyr

  • Kortkurs, undervisning om angst og stress, depresjon og sjølvhevding
  • Førstehjelp til angst- og stressreduksjon
  • Sjølvhevdingsgruppe
  • Mediyoga-gruppe
  • Ein-familie gruppe 
  • Livsmeistrings-gruppe ved alvorleg psykisk liding
  • Meistringskurs for deg som har psykisk liding


 

Meir informasjon får du som pasient ved Stord DPS.

Rehabiliteringsteam

Vi hjelper deg med samansette psykiske lidingar, inkludert ruslidingar eller stort funksjonsfall.

Vi er også der for deg som treng ambulant tilnærming eller koordinering av tenester i andre deler at spesialisthelsetenesta eller kommunale tenester.

Rehabiliteringsteamet har ei tverrfagleg samansetting og har rettleiingsoppdrag overfor helse – og sosialfagtilsette i kommunane.

Kontakt

Oppmøtestad
Stord DPS og BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk) held til i lokale som ligg like ved Stord sjukehus.
Telefon
Telefon: 53 49 12 10
E-post

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Røyking

Sjukehusområdet er røykfritt.

Kioskane ved sjukehusa sel ikkje tobakksvarer, men har nikotinplaster eller nikotintyggegummi. Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Parkering

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. For fødande er det mogleg å bli køyrt til fødeavdelinga sin inngang bak sjukehuset.

Apotek

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Minibank

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Kiosken har terminal for kortbetaling, og det er mogleg å ta ut pengar her.
Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

Butikk

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Kantine og kiosk

​Publikumskantine i U. etg.
Opningstider: 10.00-14.30 alle kvardagar. Stengt i helger og heilagdagar.

Kiosk like ved resepsjonen ved hovudinngangen.
Måndag-onsdag 10.00-18.30. Pause 14.00-14.30
Torsdag-fredag 10.00-18.00
Laurdag-sundag 12.00-18.00

Arrangement

  • Kurs i sinnemeistring

    Sinneterapi er eit tilbod til deg som har problem med å finne passande reaksjonsformer. Kurset kan og bidra til betre livskvalitet for familien din og dei rundt deg.