Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spisepoliklinikken

Behandling for spiseforstyrring blir tilpassa deg og varar vanlegvis mellom 6 og 12 månader.

Kven er vi?

Vi er eit tverrfagleg spesialisert team. Det betyr at hos oss jobbar behandlarar med ulik fagbakgrunn, men vi har alle spesialkompetanse på spiseforstyrring.

Du vil møte fleire av oss i løpet av tida du er her. Som regel er vi to pluss ein lege som vil følge deg.

Første samtale

I den første samtalen vil vi få oversikt over utfordringsbilde og saman med deg vurdere om du treng behandling for spiseforstyrring, eller om det er eit anna tilbod som passer betre.

Vi ønskjer at foreldre dine er med på første samtale.

Kartlegging

Når vi startar gjer vi ei kartlegging. Denne er lik for alle som kjem til BUP.

Ei vanleg kartlegging består av:

  • Første samtale med deg og føresette.
  • Utviklingshistorie med foreldre eller føresette, også kalla anamnese.
  • Samtale med deg åleine.
  • Kartleggingsverktøy som kartlegg både generell funksjon og utfordringar.
  • Innhenting av informasjon som vekstkurver frå helsestasjon og informasjon frå tenester du kan ha hatt kontakt med.

Behandlingstilbod

Behandling hos oss er eit poliklinisk tilbod med avtale kvar veke.

Vi har ulike behandlingstilbod for spiseforstyrring:

  • Familiebasert terapi for spiseforstyrring er den anbefala behandlinga. Her involverast familien tett i heile behandlinga.
  • Kognitiv åtferdsterapi for spiseforstyrring er individuell behandling for eldre ungdom der foreldre er med på deler av behandlinga.
  • Individuelt tilpassa behandlingstilbod blir vi saman einige om eit tilbod tilpassa dine behov.

Nokre gonger er det behov for meir intensiv oppfølging. Mange treng i starten fleire samtalar i veka.

Nokre få har bruk for innlegging på sengepost for å få meir støtte i måltidssituasjonar. Innlegging kan skje her ved BUP Haugesund eller på Haukeland sjukehus som har ein spesialavdeling for spiseforstyrring for ungdom over 16 år.

Behandling for spiseforstyrring varar vanlegvis mellom 6 og 12 månader, men nokre treng eit lengre tilbod.

Samarbeid med andre

Spiseteamet samarbeider med skolen og andre tenester som gir oppfølging til deg eller familien. Det kan vere skolehelsetenesta, psykisk helseteneste i kommunen, PPT, barnevern og familievernkontor.

Samarbeidet er alltid basert på samtykke.

Sist oppdatert 04.11.2024