Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Kirurgar på opoerasjonsavdeling. (Foto)

Kirurgi Stord

Vi tilbyr undersøking og behandling innan generell kirurgi, ortopedi, urologi og karkirurgi og gynekologi. Vi har også onkologisk dagstove.

Vi har laga informasjonsmateriell til deg som skal operere kneprotese hos oss. Sett deg inn i dette før du kjem. Du finn både video og eit hefte som tek deg gjennom det du treng vite før og etter operasjon.


Kneprotese Stord sjukehus

Vi har laga informasjonsmateriell til deg som skal operere hofteprotese hos oss. Sett deg inn i dette før du kjem. Du finn både video og eit hefte som tek deg gjennom det du treng vite før og etter operasjon.


Hofteprotese Stord sjukehus

Vår oppgåve er å diagnostisere og behandle kirurgiske problem for våre pasientar. Du finn oss i andre etasje på Stord sjukehus. 

Kva pasientar behandlar vi?

Sengeposten skiller mellom ortopediske pasientar og gastro- og urologipasientar.

I tillegg er pasientar med kroniske sår innlagt hos oss. På sårpoliklinikken er det legar og sjukepleiarar med spisskompetanse på behandling av kroniske sår.

Å vere hos oss

Sengeposten er utstyrt med einerom, tomannsrom og firemannsrom. Romma har toalett og dusj.

Pasientar og pårørande kan nytte felles daglegstove i enden av gangen.

All mat serverast fortrinnsvis på pasientrom, men pasientar som har ønskje om å ete i daglegstova kan gjere det.

På sjukehuset er det trådlaust nettverk du kan nytte, og har du ikkje eigen telefon kan du låne om du treng å ringje ut.

Ordinær besøkstid er mellom klokken 17.00 og 18.30 alle dagar.

Kvalitet og pasientsikkerheit

Du skal møte kvalitet i behandling og pleie hos oss. Ved innlegging kartleggast alle for fallfare, ernæringsrisiko og trykksår ved bruk av «Trygg Pleie»-skjema.

Ved utslag på ein eller fleire av kategoriane, registrerast dette i din journal og vi sett i gong tiltak for behandling eller førebygging.
Pasientar med risiko for trykksår får spesialmadrass med luft eller vekseltrykk.

Vi som jobbar her er opptatt av å ha god og oppdatert kvalitet i all behandling og pleie av våre pasientar. Vårt mål er at du som pasient skal sitte igjen med ein trygg og god oppleving i etterkant av opphaldet.

Vi tar i mot pasientar for planlagt behandling og dei som treng hjelp omgåande. Avdelinga har legar med spesialkompetanse innan gynekologi. 

 Du vil få oppnemnd ein pasientansvarleg lege i avdelinga. Denne legen har som oppgåve å gi deg informasjon om undersøkingar/behandling/operasjon, og følge opp behandlinga av deg. 

Din pasientansvarlege lege skal vere tilgjengeleg for deg medan du er innlagt. Under ditt opphald i avdelinga kan du kome i kontakt med andre legar enn din pasientansvarlege lege. 

Andre yrkesgrupper du kan kome i kontakt med under opphaldet er jordmødrer, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, fysioterapeutar. 

Lege går ikkje ordinær visitt på alle rom kvar dag. Dersom du er operert kjem kriurgen til deg og informerer om inngrepet og vidare oppfølging og behandling. 

Dersom du utanom dette ønskjer å snakke med legen din, sei ifrå til personalet så får du samtale i einerom. 

Alle pasientar skal ha samtale med legen før utreise. 

  • Frukost: 8.30 
  • Middag: 12.30 
  • Kaffi på daglegstova: 14.30 
  • Kvelds: 17.30 
  • Suppe/brød: 20.30 

Tidene er omtrentlege.

Du kan få drikke inn på rommet, eller hente det du treng får kjøleskapet. Måltid bør skje på kjøkenet. Du kan ønskje deg det du vil ha til frukost og kvelds. Gi beskjed til personalet.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Poliklinikken er stengt helger og heilagdagar

Slik finn du fram

Oppmøtestad



En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord