Informasjon til pasientar som er på isolat
Du er på einerom, på det vi kallar isolat. Dei er fleire årsakar til at vi bruker isolat, og det treng ikkje å bety at du er spesielt sjuk eller til fare for andre. Du må ikkje forlate rommet utan avtale med personalet.
Vanlege årsakar til bruk av isolat:
- Du har bakterier i kroppen som kan spreie seg til andre pasientar og gi infeksjonar
- Du har nedsett immunforsvar og treng ekstra beskyttelse mot smitte og bakteriar.
- Du har ein smittsam sjukdom som kan spreie seg til andre.
På døra til rommet vil det henge ein gul lappp med informasjon om kva type isolat du er på. Ved kontaktsmitte vil personalet ha på seg hanskar og gul frakk når dei kjem inn. Ved dråpesmitte vil dei i tillegg ha munnbind.
Hygiene er viktig
På eit isolat er det strenge krav til hygiene. Det er viktig at du som pasient har god personleg hygiene og utfører handhygiene hyppig med håndvask og handdesinfeksjon. Dispensarar med handdesinfeksjon er tilgjengeleg på rommet ditt. Spør oss på avdelinga om hjelp om du ikkje klarer dette sjølv.
- Du vil få servert mat på eingongsservise.
- Det vil blir samla opp boss og tøy på badet ditt, som skal ryddast bort etter kvar vakt.
- Det er lov å ha besøk sjølv om du er på isolat, men det er viktig å følgje krav til påkledning og hygiene:
- Om du får besøk av vener og familie må dei bruke den same påkledninga som oss personalet. Vi ber besøkande om å ta kontakt med oss før dei går inn på rommet og vil då informere dei om rett bekledning.
- Vi ønkjer at besøket ditt i minst mogleg grad går inn og ut av rommet medan dei er her. Bruk ringeklokka dersom de lurer på noko eller treng noko.
- Det er viktig at besøkande utfører god handhygiene med grundig handvask og handsprit før og etter besøk hos deg som ligg på isolat.