Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hygiene for pasientar ved kirurgisk avdeling

Når du er pasient hos oss, ønskjer vi at du skal vere i trygge hender. Vi jobbar med å førebygge infeksjonar og hindre smitte. Dårleg handhygiene er ei vanleg smittekjelde på sjuekhus. Også pasientar og pårørande har eit ansvar for god hygiene og vi ber deg lese dette nøye.

​Vi håper du føler deg godt ivaretatt under opphaldet. Spør oss gjerne om du lurer på noko - vi er her for deg.

Hygiene på avdelinga

  • Det er dispenserat med desinfeksjonsmiddel på alle rom og fellesareal. Bruk desse.
  • Desinfiser hendene dine før alle måltid. Bruk desinfeksjonsservietten som blir delt ut med kvart måltid.
  • Unngå å gå barbeint eller på sokkane om du kan.
  • Tørk av toalettringen med desinfeksjonsserviett før du set deg ned, dersom du klarar det.
  • Vask hender godt med såpe og vatn etter kvart toalettbesøk.
  • Ringar og armband er til hinder for god handhygiene. Ha minst mogleg på deg under opphaldet.

Les også Informasjon til pasientar som er på isolat.

Operasjonsbandasjen

Operasjonssbandasjen skal vere tett og såret skal få mest mogleg ro. Spør oss om bandasjen er laus eller om du er usikker på om den sit godt nok.

Det kan kome blod på bandasjen, og det betyr ikkje at bandasjen må byttast. Det er viktig at operasjonssåret kun blir skifta på ved behov, og dette vil personalet vurdere.

Alle sårskift av operasjonssår på avdelinga skal gjerast sterilt av personalet. Om bandasjen er tørr etter operasjon, skal denne ikkje skiftast før utreise.

Til deg som er hofteoperert

Dersom du har fått ein spesiell vakuumbandasje på såret (Prevena) gjeld eigne retningslinjer. Du får beskjed korleis du skal handtere denne pumpa. Hugs at denne alltid skal fjernast av fastlege eller anna helsepersonell 1 veke etter operasjonsdato. Du vil og få eit eige informasjonsskriv om dette.

  • Dersom bandasjen ikkje er gjennomtrekt av blod/væske skal du ha denne på i 1 veke utan og skifte. 
  • Du skal ikke dusje før det har gått 1 veke
  • Alle hofteopererte pasientar vil i etterkant av utskrivinga få eit spørjeskjema om korleis det har gått med såret. Det er viktig for oss at dette blir fylt ut og returnert til oss.

Til deg som har gjennomgått andre operasjonar

  • Du skal helst unngå å byte bandasje før det har gått 1 veke
  • Dersom du vil dusje, må du ikkje gjere det før det har gått minst 3 dagar etter operasjon. Dusj då med bandasjen på, ta den av etterpå og legg på ny bandasje. Unngå å tørke i nærleiken av såret, bruk alltid eit nyvaska håndkle.

Ver merksam på infeksjon

Dersom du har symptom på infeksjon, som feber, raudheit eller hevelse, må du ta snarleg kontakt med lege. Du må også ta kontakt med lege dersom det væskar frå såret to veker etter operasjon.

Sist oppdatert 16.01.2018