Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Geriatri

Geriatri er vitskap om sjukdom i alderdommen. Når ein blir eldre, blir ein gjerne råka av sjukdom og gjerne fleire samtidig.

For å få ei samordna vurdering av pasienten, jobbar vi med utgreiing og behandling i team, der vi har samla personar med ulik fagkompetanse.

Vi tar mellom anna imot pasientar med:

  • høg fallrisiko som treng tverrfagleg vurdering
  • svimmelheit
  • polyfarmasi,
  • akutt funksjonssvikt,
  • ulike infeksjonssjukdommar
  • akutte forvirringstilstandar
  • ernæringsproblem
  • utgreiing av hukommelsesvanskar
  • andre generelle medisinske sjukdommar/tilstandar

Vi har eit tverrfagleg team med alderspsykiater, nevrologisk lege, geriatrisk lege, nevropsykolog, psykolog, fem spesialsjukepleiarar og ein vernepleier som dekker fagområda geriatri og alderspsykiatri. I tillegg har kvart fagområde ein egen sekretær.

Poliklinikken utgreier personar med kognitiv svikt og demens, har tilbod til personar med psykiske lidingar som skjer etter fylte 65 år og som ikkje treng innlegging i avdeling og vurdering av førarkort.

Eldremedisinsk poliklinikk er også involvert i forsking, som pasient og pårørande kan få tilbod om å delta i. Sjå Eldremedisinsk forskingsgruppe - Helse Fonna HF

Kvar 6.uke har vi ambulant poliklinikk i Odda der vi tilbyr og ytar tenester utanfor sjukehuset.

Vi ambulerer også ut til sjukeheimar og andre kommunale institusjonar for eldre og gir råd, rettleiing og undervisning. 

I tillegg har vi fleire gonger i året eksterne undervisningsoppdrag, og arrangerer også årlege kurs og konferansar.

Poliklinikken har også eigen terapihundteneste med den erfarne terapihunden Tango og terapihundlærlingen Pepsi. Terapihundane er spesialtrena til å bidra i behandlinga av pasientar.

Les meir om terapihundtenesta: Terapihunden Tango jobbar med rus og psykiatri i Helse Fonna - Helse Fonna HF

Varigheit på opphald (innlegging) kan variera frå nokre dagar/veker til nokre månader.

Fagmiljøet vektlegg tverrfagleg samarbeid og består av psykologar, legar, ergoterapeutar, fysioterapeut, aktivitør, sjukepleiarar/psykiatriske sjukepleiarar og hjelpepleiarar.

Pasientar som har vore innlagd blir tilvist til andre einingar i spesialist- og kommunehelsetenesta for behandling og oppfølging ved behov.

Sengeposten har eit tett samarbeid med pårørande og oppfølgjande instansar.

Sist oppdatert 17.02.2025