Skolefråvær i behandlinga
Viss ein elev er borte i meir enn 10 prosent av timane i eit fag, skal han eller ho i utgangspunktet ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget.
Gjeldande regler for fråvær
- Viss ein elev er borte i meir enn 10 prosent av timane i eit fag, skal han eller ho i utgangspunktet ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget.
- Fråværsgrensa gjeld timefråvær i enkeltfag, ikkje elevanes totale fråvær.
- Sjølv om ein elev har meir enn 10 prosent fråvær i eit fag, kan han eller ho likevel få halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter dersom fråværet skyldast nokre spesielle grunnar som er nemnt under.
- Sjølv om du ikkje får halvårsvurdering til jul, kan du få standpunktkarakter dersom du har mindre enn 10 % fråvær i faget gjennom heile skoleåret.
- Eleven må dokumentere fråværet for å få det unntatt.
- Eleven skal få eit varsel om han eller ho står i fare for å ikkje få karakter på grunn av fråvær.
Fråværsreglene for vidaregåande skole blei endra frå skoleåret 2016/17.
Lovheimel
Den nye regelen står i forskrift til opplæringslova § 3-3, siste ledd:
- I vidaregåande skole skal eleven ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter ved fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget.
- Eleven kan likevel få vurdering med karakter dersom det er dokumentert at fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget skyldast slike grunnar som er nemnde i § 3-47 Jemte ledd bokstav a og f og åttande ledd.
- Dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa på 10 prosent skal gjelde, kan ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, og så få vurdering med karakter.
- Avgjerda ligg hos rektor. Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter,jf tredje ledd.
Har du dokumentert gyldig fråvær, kan du halde dette utanfor fråværsgrensa.
Fråvær på grunn av legetime, tannlegetime, time hos BUP, avtale med skolehelseteneste eller liknande er også fråvær av helsegrunnar, som kan dokumenterast og bli unntatt frå fråværsgrensa.
Dette er ikkje fråvær sjølv om du er ute av timen.
Eksempel på ikkje-fråvær
Dersom du er ute av skoletimen på grunn av ein elevrettigheit, er det ikkje fråvær.
- Samtale med rådgivar, lærar eller rektor
- Møte med PP-tenesta
- Elevrådsarbeid godkjent av skolen
- Organisert studiearbeid avtalt med faglærar på forhand
Dette reknast som fråvær du ikkje kan trekke frå på fråværsgrensa:
- Bortvising
- Køyretimar
- Lokale eller regionale arrangement som skolen ikkje gir fri til, for eksempel kretsmeisterskap
- Politisk streik der elevane streikar
- Fråvær kor du ikkje kan dokumentere gyldig grunn
Treng du dokumentasjon på timeavtaler på BUP, be om ein Konsultasjonsbekreftelse i ekspedisjonen ved oppmøte.