Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Korleis jobbar BUP

Avdelinga består av to poliklinikkar: BUP Haugesund og BUP Stord. I tillegg har avdelinga 2 sengepostar, barnepsykiatrisk post (6-12 år) og ungdomspsykiatrisk post (13-18 år), begge i Haugesund.

Sengepostane dekker heile Heise Fonna-området. Sengepost-avdelinga har ansvar for barn og ungdom i alderen 0-18 år. 

Poliklinikk

Klinikk for psykisk helsevern har tre poliklinikkar for barn og unge – to i Haugesund og ein på Stord. Poliklinikkane har ansvar for kvart sitt geografiske område.

Poliklinikken kan tilby utgreiing og behandling (pasientforløp) til barn og unge med allmennpsykiatriske lidingar. Dette kan vere angstlidingar, utviklingsforstyrringar, depresjonar, ADHD-problematikk, avhengigheit, spiseforstyrringar, reaksjonar etter traumatiske opplevingar  eller ein kombinasjon av fleire vanskar.

Etter utgreiing vurderer vi om barnet/ungdommen treng behandling hos oss eller om det er nok med tilrettelegging i kommunen. Behandlingstilboda ved BUP er i all hovudsak  medikamentfrie.

Behandlingstilbod kan vere:

  • Individualbehandling (ulike typar terapi)
  • Foreldrerettleiing / samarbeid
  • Gruppetilbod
  • Opplæring / informasjonskurs knytta til aktuell diagnose
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Medikamentell behandling ved behov

Kven møter du på poliklinikken?

På BUP jobbar psykologar, legar, pedagogar, sosionomar og barnevernspedagogar. Som pasient kan du møte fleire av desse under utgreiing/behandling.

Døgnpost

Døgnpostane har alle kommunar i Helse-Fonna som opptaksområde. Det er poliklinikkane i Haugesund og på Stord som vurderer behov for innlegging på døgn.

Barn som kjem til oss, bur i avdelinga måndag til fredag og reiser heim i helga. Foreldre/foresatte er med under heile opphaldet, i tråd med Forskrift om barn på sjukehus.

Vi gir hjelp til å forstå og meistre vanskane, oppstart av behandling, støtte og rettleiing til barna og familien/foresatte. Vi samarbeider med andre instansar under og etter opphaldet.

Post nord

Post nord er ein 7-døgnspost med 4 døgnplassar og ei akuttseng for barn i alder 6-12 år. Posten dekker heile Helse-Fonna området og er lokalisert i Haugesund.

Post nord har både planlagde innleggingar og akutt hjelp funksjon (ØH).

Akutt hjelp er ofte ein kort innlegging kor ein har fokus på stabilisering, i forhold til søvn, ro og kvile,  og kor ein har moglegheit til å observera og vurdera vidare behandlingsbehov.

BPP gir eit tilbod til barn som strevar med samspillsvanskar, angst, depresjon, tankekaos, vanskar i utviklinga - ofte i kombinasjon med andre vanskar. Eit planlagd utrednings- og behandlingsopphold kan vare frå 2-4 veker, alt etter alvorsgrad og behov.

Skuletilbod

Under oppholdet får barna eit skuletilbod ved Hollenderhaugen skulesenter, som vil ha eit samarbeid med heimeskulen til den enkelte.

Hollenderhaugen skolesenter

Post nord ligger i 2 etasje på BUP-bygget i Haugesund og har eigen inngang.

Kven er vi på post nord?

På avdelinga møter du og foresatt fagpersonar som har barn med psykiske vanskar som sitt kompetansefelt. Vi har god erfaring med å arbeida saman med barn som strevar på ulikt vis.

Før ei planlagd innlegging, vil vi ha eit møte og eit heimebesøk for å bli litt betre kjent før ein kjem til avdelinga.

Ved ei planlagd innlegging vil du og foresatt ha kontakt med ein ansvarleg behandlar som anten er lege eller psykolog. Du og foresatt vil også samarbeide tett med 2 miljøterapeutar som følgjer deg gjennom heile opphaldet.

Barn og foresatt får eige rom med bad under opphaldet.

Post sør

Post sør er ein 7-døgnspost med 6 senger for ungdom i alder 13-18 år. Posten dekker heile Helse Fonna-området og er lokalisert i Haugesund.

Post sør har både planlagde innleggingar og akutt hjelp funksjon (ØH).

Akutt hjelp er ofte ein kort innleggelse kor ein har fokus på stabilisering, i forhold til søvn, ro og kvile,  og kor ein har mulighet til å observera og vurdera vidare behandlingsbehov.

Ein planlagd innlegging har ofte ein varighet på 3-4 veker, kor ein vanligvis vert permitert/reiser heim i helger. Nokre psykiske lidingar treng lengre behandlingstid enn 3-4 veker.

Post sør gir eit tilbod til ungdom 13-18 år som strevar med:

  • Psykose
  • Depresjon/suicidalitet
  • Alvorleg personlegdomsforstyrring/ sjølvskading/ destruktiv atferd
  • Alvorlege svingingar i stemningsleie
  • Alvorlege spiseforstyrringar
  • Utredningar av samansatte vanskar
  • Utredning av nevropsykiatriske tilstandar/utviklingsforstyrring

Fleire av desse tilstandane kan vere i kombinasjon med rusproblematikk.

Kven er vi på post sør?

På avdelinga møter du fagpersonar som har ungdom med psykiske vanskar som sitt kompetansefelt. Vi har god erfaring med å arbeida saman med ungdommer som strevar på ulikt vis.

Ved ei planlagd innlegging vil du ha kontakt med ein ansvarleg behandlar som er enten lege eller psykolog. Du vil også samarbeide tett med 2 miljøterapeutar som følgjer deg gjennom heile oppholdet.

Før en planlagd innlegging, vil vi ha eit eller fleire møter/forvern der vi vil drøfta, vurdera og finne ut om du er motivert for å ta imot hjelp.  Vi må også ta stilling til om vi kan gje deg den hjelpa du ønskjer og at dette kan være bra for deg/du kan ha nytte av den. Til dette møtet/forvernet vil du bli innkalt saman med dine foresatte.

Under eit opphold får du tilbud om å gå på vår intern-skule, Holllenderhaugen skole, som er ein viktig samarbeidspartnar og ein del av utredninga/behandlinga som blir gitt under oppholdet vårt. Nokre ungdommar kan gå på sin vanlige heimeskule hvis det blir vurdert som det beste.

Hollenderhaugen skolesenter

Ungdommar innlagd hos oss, får eige rom med bad.

Dersom du er aktiv på fritida, prøver vi å legge til rette for at du kan fortsette med aktivitetane dine under opphaldet.

Ein kan ha besøk av familie og venner i visitt-tida. Dette og meir vil du få informasjon om i forvernsmøtet.

Sist oppdatert 22.01.2025