Informasjon om vaksine mot apekoppar
Per no er det berre prioriteringsgruppe 1, menn som har sex med menn (MSM) eller transpersonar, som får tilbod om primær preventiv vaksinasjon (PPV).
Tilbod om vaksine gjeld dersom du er MSM eller transperson og du oppfyller eit av krava under
- står på preeksposisjonsprofylakse mot HIV (PrEP)
- har HIV
- sel seksuelle tenester
Vaksinen blir ikkje gitt dersom du er allergisk mot nokre av innhaldsstoffa.Dersom du har gjennomgått apekoppar stadfesta på PCR prøve, treng du ingen vaksine.
Kontaktinformasjon
*Tilbod om vaksine til deg som er pasient i Helse Fonna er i samband med Stavanger Universitetssjukehus.
Vaksine til bruk mot apekoppar som primær preventiv vaksinasjon (PPV) blir tilbydd ved Poliklinikk for seksuelt overførbare infeksjonar ved Hudavdelingen Helse Stavanger.
Få råd og rettleing, samt informasjon om korleis du bestiller time her:
Apekoppar – Helse Stavanger
Meir informasjon
Apekoppar kjem av eit virus (monkeypoxvirus), og gir sjukdom med feber og utslett.
Informasjon om apekoppevaksine - FHI
Les meir om apekoppar på helsenorge.no
Apekoppar smittar ved nær kontakt og gir mellom anna feber, hovne lymfeknutar og kløande utslett med blemmer. Dei fleste blir friske utan behandling.