Undersøking, Ultralyd, nåleprøve av bryst

Vevsprøve fra bryst

For å kunne stille ein sikker diagnose kan det vere nødvendig å ta ei vevsprøve av noko ein har funne med mammografi eller ultralyd av brysta. Prøvetakinga skjer vanlegvis ved hjelp av ultralyd slik at røntgenlegen kan vere sikker på at prøva vert teken frå rett stad. Prøvetaking kan også skje ved hjelp av røntgen. Ved prøvetakinga blir ei nål stukken gjennom huda til det aktuelle området.

Før

Undersøkinga krev ingen førebuing.

Under

Under undersøkinga er du avkledd på overkroppen og ligg på ein undersøkingsbenk. Røntgenlegen undersøker først brystet ditt med ultralyd og merkar av kvar ein skal ta vevsprøva. Huda over det aktuelle området blir reingjort med desinfeksjonsmiddel og det blir som oftast gitt lokalbedøving. Deretter vert ei eller fleire nåleprøver tekne med ultralydrettleing, noko som gjer at ein heile tida kan sjå kvar nåla er.

Sjølve prøvetakinga er vanlegvis ikkje smertefull.

Vi set eit plaster over området der røntgenlegen har teke prøvar. Plasteret skal sitje på i 3 dagar. 

Etter

Etter at prøvetakinga er ferdig kan du reise heim.

Biopsien blir send til patologen for undersøking og diagnostikk. Det kan ta nokre dagar før du får svar.

Ver merksam

Det kan i enkelte tilfelle blø etter prøvetaking. Ei slik bløding kan du enkelt stoppe ved å trykke mot plasteret. 

Det er svært sjeldan at det oppstår infeksjon i brystet etter prøvetaking, men dersom du skulle få teikn til dette så ta kontakt med fastlege eller legevakt.