Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ankelbrot er eit vanleg brot og oppstår gjerne ved overtråkk. Dei fleste ankelbrot kan behandlast med gips/støttesko, men nokre brot gjer ankelleddet så ustabilt at operasjon kan vere nødvendig.
Dei fleste ankelbrot oppstår ved ei kraftig vriding i ankelen. Dette kan skje ved uhell som fall i trapp, ved overtråkk i ulendt terreng eller ved sportslege aktivitetar. Det oppstår straks smerte, hevelse og av og til kan ankelen stå i feilstilling.
Alvoret til ankelbrotet blir avgjort av fleire faktorar. Skadar med mykje energi er vanlegvis meir alvorleg enn skadar med mindre energi. Brot fleire stader i ankelen og skade av blautvev som musklar, hud og leddband kan også forverre prognosen. Kor alvorleg skaden er legg grunnlaget for kva behandling som blir vald.
Det blir anbefalt å gjere grunnleggande førstehjelp ved ein slik skade:
Ankelbrot er ein akutt skade. Diagnosen blir vanlegvis stilt med røntgenundersøking.
Legen vil først undersøke ankelen og stille deg spørsmål om kva som skjedde da skaden oppstod. Dersom det er mistanke om brot, blir det tatt røntgenbilde.
Av og til er ankelen heilt ute av stilling og han bør da settast på plass av lege eller helsepersonell så snart som mogleg. I slike tilfelle er ankelen så ustabil at operasjon er nødvendig. Dersom brotet er komplisert, kan det også vere nyttig med ei CT-undersøking for å planlegge operasjonen.
Det er hovudsakleg to måtar å behandle ankelbrot på, enten med gips/støttesko eller med operasjon. Av og til må ankelen stabiliserast mellombels før vi kan gjere endeleg operasjon. Da set vi på ei ramme som held brotet på plass i ventetida.
Generelt tar det omtrent 6 veker for eit ankelbrot å gro enten det blir operert eller ikkje. I løpet av denne perioden må du gå med krykker. Nokre brot kan vere meir tidkrevjande og det kan bli nødvendig å gå på krykker i inntil 12 veker.
Ved mistanke om infeksjon skal du raskt kontakte sjukehuset. Teikn på infeksjon er: