Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodprøve

Ved blodprøver tappar vi litt blod og undersøker det for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen din, og for å finne normale eller sjukelege forhold i kroppen. Det kan vi sjå ved å studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff. Vi kan også bruke blodprøva til å sjå om du har fått i deg legemiddel eller giftstoff.

Tilvising og vurdering

Prøvetakingspoliklinikkane tar blodprøvar av pasientar frå sjukehuset sine poliklinikkar og sengepostar i opningstidene. 

Prøvetaking av pasientar utanom sjukehuset skjer først og fremst hos fastlegen. Om prøvetakinga byr på spesielle problem kan vi ta blodprøver fastlegen din har bestilt.  

Før

Enkelte analysar blir direkte påverka av måltid og/eller kosthald, og enkelte analysar skal tas til bestemte tidspunkt på døgnet. Det er difor viktig at du følgjer retningslinjene frå den som har bestilt blodprøva. 

Dersom det er mogleg, bør du sitte i ro i minst 15 minutt før blodprøvetakinga.

Du må ta med deg legitimasjon.  Dette er for å ivareta tryggleiken din som pasient. Blodprøvetakar vil spørje deg om fullt navm og fødselsnummer slik at vi sikrer rett prøvesvar til rett pasient. 

Rekvisisjon kan vere sendt elektronisk til laboratoriet før prøvetaking. Om du har fått ein papirrekvisisjon må du ta med denne. 

Du treng ikkje bestille time for blodprøvetaking, berre møt opp i opningstida.

Du betalar ikkje eigendel for å ta blodprøve.

Merk at tilsette ved laboratoriet ikkje kan ta fleire prøver enn det tilvisande lege har bestilt.

Det er viktig at du førebur barnet som skal ta blodprøve. Fortel barnet at det kjem eit stikk og at det går fort over. Dersom barnet er roleg, og arma blir heldt i ro, aukar sjansen for ei vellukka prøvetaking, og barnet slepp fleire forsøk. Som pårørande må du vere med inn, og det kan vere lurt å la barnet sitte på fanget.

Ofte er vi to som er med når vi tar blodprøver av barn. Ein som tar prøva og ein som støttar arma og avleier barnet. Gråt er ein naturleg reaksjon hos nokre barn, anten fordi dei er redde, blir heldt fast, eller fordi det er vondt. Di oppgåve under prøvetakinga er å halde rundt barnet, trøyste og skryte av det. Det er viktig at du som følgjer barnet er roleg under heile prosessen. Det gjer ofte situasjonen tryggare for barnet og lettare for alle.

Ei fin hjelp for barnet er plaster eller krem med bedøving. Dette kan ein kjøpe på apoteket utan resept, og sette på minst ein time før blodprøvetakinga. Bruk av smertelindring kan hindre at barn gruer seg til framtidige prøvetakingar.

Du kan lese meir om smertelindring i samband med blodprøvetaking her

Verken plaster eller krem fungerer ved stikk i hæl eller finger.

 

Ofte stilte spørsmål

Analyseresultatet kan bli påverka av ei ulike rekkje forhold, følg derfor instruksane om blant anna faste, diett eller fysisk aktivitet som lege/sjukepleiar gir i forkant av blodprøvetakinga.

Kroppsstillinga påverkar blodvolumet i kroppen. Det er ein fordel at du sit i 15 minutt før blodprøvetakinga, slik at blodvolumet blir stabilisert.

Å faste vil seie at du ikkje skal ete eller drikke dei siste åtte til tolv timane før blodprøvetakinga.

Dersom du ikkje har fått andre instruksjonar, kan du ta medisinar som vanleg. Ved terapikontroll av medikament blir blodprøven vanlegvis teken rett før neste dose, men det finst unntak. Legen vil informere om dette.

Du bør unngå fysisk aktivitet utover vanleg gange før prøvetakinga, like eins hard trening og hardt kroppsarbeid i dagane før prøvetakinga.

Nokre komponentar i blodet varierer i løpet av døgnet. Følg retningslinjene du får frå legen. Dersom du har spørsmål om prøvetakingstidspunktet, kontaktar du tilvisande lege.

Dersom du har fått papirrekvisisjon(ar) frå legen/avdelinga, må du ta dei med til   blodprøvetakar. Pasientar som er tilvist frå primærhelsetenesta (f. eks. fastlege) må ha med utfylt papirrekvisisjon dersom denne ikkje er sendt laboratoriet elektronisk.

I dei fleste tilfeller er blodprøvetaking uproblematisk og lite smertefullt. Enkelte kan likevel føle eit ubehag og bli uvel under blodprøvetakinga. Gi beskjed til prøvetakaren dersom dette gjeld deg, slik at vi kan legge til rette for ei best mogeleg prøvetaking. Lokalbedøving kan nyttast, men dette må smørjast på huda éin til to timar før blodprøvetakinga.  Kremen kan kjøpast på apoteket.  

 Det er alltid ein fordel at barnet er førebudd. Prøvetakinga kan skje ved stikk i armen (venepunksjon) eller som eit stikk i fingeren/hælen (kapillær prøvetaking). Prøvetakaren avgjer kva måte som er best for barnet ditt. Snakk gjerne med legen til barnet eller laboratoriepersonalet om eventuell bedøving av huda før venøs blodprøvetaking. Det finst smertestillande krem eller plaster som kan smørjast på huda. Kremen skal smørjast inn éin til to timar før prøvetakinga.

Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis nokre få minutt.

Prøveresultatet blir rapportert til tilvisande lege eller avdeling. Dei fleste prøveresultata er klare same dagen, medan nokre prøveresultat krev lengre tid. 
 
Laboratoriet kan ikkje oppgi prøveresultatet til pasienten. Det er tilvisande lege som informerer om prøveresultata.

Det er ingen eigendel ved blodprøvetaking.



Under

Du blir spurt om namn og fødselsnummer (11 siffer) før vi tar blodprøva. Dette gjer vi for å sikre at prøvene blir riktig merka.

Dei fleste blodprøver blir tatt på innsida av olbogen. Du får eit stramt band rundt overarmen slik at blodåra blir godt synleg og lett å stikke i. Vi stikk med ei tynn nål og blodet blir tappa på små rør. Vi tappar vanlegvis 1–5 små rør med blod, avhengig av kor mange analysar legen din har bestilt.  

Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis berre nokre få minutt, og blir gjort mens du sit i ein stol. Sei ifrå til blodprøvetakar om du ønsker å ligge under prøvetakinga.

For dei fleste er det uproblematisk å ta blodprøve. Det kan gi litt ubehag når nåla blir stukken inn i huda, men det går fort over. Nokre kan bli uvel under prøvetakinga. Dersom du veit at dette kan gjelde deg, er det fint om du seier ifrå til blodprøvetakar før prøvetakinga.

Etter

Etter at prøva er tatt, legg vi eit lite kompress på stikkstaden. Den skal du trykke lett på for å hindre blødingar.

Dersom du brukar blodtynnande medisinar, bør du klemme litt lenger på stikkstaden.

Resultat av undersøkinga

Prøveresultatet blir sendt til tilvisande lege og det er tilvisande lege som vil informere deg om prøveresultatet. Laboratoriet har desverre ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.

Det varierer kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Medan nokre resultat vil vere ferdig på få minutt, vil andre vere klar etter få timar, seinare same dag eller neste dag. For enkelte prøver kan det ta dagar før svaret føreligg. For prøver som vi må sende til andre sjukehus kan svartida variere frå dagar til veker.

Kontakt

Haugesund sjukehus Laboratoriemedisin

Kontakt Laboratoriemedisin

Oppmøtestad

Laboratoriet i Haugesund: du finn oss i 4. etasje i sydvestre blokk på Haugesund sjukehus. Vi har opent kvardagar kl. 08.00-14.30. Torsdagar har vi stengt frå 11.00-11.45.

Laboratoriet på Stord: du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus. Våre opningstider er kvardagar kl. 08.00-14.30.

Laboratoriet i Odda: Du finn oss i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus. Våre opningstider er kvardagar kl. 09.00-14.00.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

Logg inn på helse-norge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Alternativ overnatting i Odda

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
 
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Reserverte parkeringsplassar

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

Viss du fått beskjed om å ta blodprøvar, kan du gå til laboratoriet i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.

Opningstider: kvardagar kl. 09.00-14.00

Trekk kølapp når du kjem.

Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det. 

​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


Opningstider

Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.