Psykiske lidelser hos barn og unge, nynorsk
Nasjonale pasientforløp for psykiske lidingar, barn og unge, skal bidra til at du får heilskapleg hjelp utan at du må vente unødig. Vi legg til rette for at du skal få vere med og bestemme i avgjerder om di behandling, og for at behandlinga skal vurderast undervegs.
Hjelp til å få det betre
Alle kan ha vonde kjensler og vanskelege tankar av og til. Det er heilt vanleg. For nokon kan kjenslene eller tankane likevel bli så plagsame og ta så mykje plass at det gir store problem på skulen, heime, blant vennar og i fritida. Viss du har det sånn, kan det vere at du, og kanskje menneska rundt deg, treng hjelp til å forstå kva som føregår inne i deg og til å finne ut kva som skal til for at du kan få det betre.
Forløpskoordinator
For å sikre god oppfølging og unngå unødig venting har vi det som blir kalla forløpskoordinatorar. Forløpskoordinatoren er ein kontaktperson for deg og foreldra dine, og kan svare på spørsmål om timar og kva som skal skje undervegs i behandlingsforløpet.
Kva er eit nasjonalt pasientforløp for psykisk helse? Les meir på helsenorge.no
Tilvising og vurdering
Viss legen din eller andre hjelparar meiner at du treng hjelp med kjenslene og tankane dine, kan dei be Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) om dette ved å sende tilvising. Ei tilvising er ein beskjed som fortel kven du er, korleis livet ditt er og kva dei trur du strevar med. Tilvising kan for eksempel bli sendt fordi:
- du føler deg deprimert
- du kjenner på angst
- du har tankar om å ikkje ville leve lenger
- du tenker på å skade andre eller deg sjølv
- du opplever å ha eit vanskeleg forhold til mat
- du ruser deg
- du har opplevd eller opplever noko alvorleg og/eller vondt
- du slit med søvnen
- du har stort fråvêr, problem med konsentrasjonen eller du ofte hamnar i trøbbel på skulen
Før tilvisinga blir sendt, skal den som skriv ho ha snakka med deg om dine opplevingar og kva du sjølv tenkjer er lurt å gjere. Du skal også få informasjon om kva som skjer når tilvisinga er sendt. Viss du vil, kan du skrive ei eiga tilvising som blir sendt saman med den andre tilvisinga.
Når BUP mottar tilvisinga, vil det bli vurdert om BUP er den rette staden for deg å få hjelp. Ikkje alle treng hjelp på BUP. Mange kan for eksempel få god hjelp frå helsesøster eller ein lærar. Når vurderinga er gjort, får de eit brev om kva dei har bestemt.
Utredning
Det første BUP vil gjere er å prøve å forstå kva du strevar med og kva slags hjelp du treng. Dette blir kalla utgreiing. Utgreiinga begynner alltid med samtalar for å:
- bli kjent
- gå gjennom tilvisinga og bli einige om kva du treng
- få vite korleis plagene dine har utvikla seg
- få vite kva du og foreldra dine tenkjer om kva som er problemet og årsaka til det
- gi informasjon om utgreiiinga
- vurdere om det er fare for sjølvmord og/eller vald
- spørje om søsken og kva dei treng
- finne ut om kroppen din treng å bli undersøkt for sjukdommar
- snakke om kva hjelp du og familien din kan trenge
I tillegg til fleire samtalar med deg og foreldra dine, kan det hende at BUP vil be deg om å svare på spørjeskjema eller gjere forskjellige oppgåver, for eksempel på pc. Det kan også hende at dei vil snakke med ein lærer eller andre vaksne som er viktige for deg. Dette får du i så fall vite om.
Den utgreiinga som BUP startar med blir kalla for basisutgreiing. Ei basisutgreiing skal gjerast ferdig i løpet av seks veker frå din første samtale på BUP. For mange vil denne utgreiinga vere nok. Treng BUP lenger tid, kan dei bruke seks veker ekstra på ei utvida utgreiing som består av fleire samtalar og undersøkingar.
Etter utgreiinga vil BUP tenke grundig gjennom korleis dei oppfattar det du strevar med og bestemme seg for kva som bør gjerast. Viss dei finn ut at du har ei psykisk liding vil dei setje ein diagnose, det vil seie eit «namn» på dei teikna du viser på psykisk liding. Diagnosen hjelper dei å finne ut:
- om du treng behandling
- om du treng oppfølging frå andre enn BUP
Dei tilsette på BUP vil heile vegen samarbeide med deg og lytte til kva du opplever som problemet og kva du meiner er det viktigaste målet for deg.
Behandling
Behandling vil seie at du og foreldra dine jobbar saman med BUP for at du skal få det betre. De planlegg behandlinga med utgangspunkt i kva akkurat du treng.
Kva som skal skje, når og kvifor blir skrive ned i ein behandlingsplan. Behandling kan for eksempel vere:
- Samtalar med deg åleine, med deg og familien din eller i gruppe med andre ungdommar som har liknande opplevingar
- At du gjer forskjellige oppgåver, som å trene på triks som kan hjelpe
- At dei vaksne rundt deg får tips og råd om korleis dei kan hjelpe og støtte deg
- Medisinar
Å få behandling betyr ikkje alltid at ein kan ta vekk det som er vondt eller vanskeleg. Nokon gongar handlar det også om å lære seg lure triks som kan hjelpe når kjenslene eller tankane blir plagsame.
Viss du har fleire hjelparar kan det vere nyttig med samarbeidsmøte. Då kan alle samarbeide for at du skal få det best mogleg. BUP inviterer berre til slike møte dersom det er bra for deg og du og foreldra dine sjølve vil det. Viss du får hjelp frå fleire kan det bety at du kan få ein individuell plan. Det er ein plan over kven som skal gjere kva.
Oppfølging
Kva skjer når behandlinga er ferdig?
Før behandlinga blir avslutta, skal BUP snakke med dykk om korleis utgreiinga og behandlinga har vore. Då kan dei lære av det de fortel og bli endå betre på å gi god hjelp.
De vil også snakke om kva du og familien din kan gjere framover viss ting blir vanskeleg. Og om du treng vidare hjelp og støtte etter at behandlinga på BUP er avslutta, lagar de ein plan for det.
Til slutt skriv BUP ei melding som blir sendt til fastlegen. Denne meldinga blir kalla epikrise og fortel kva som er gjort, kva du treng framover og kven som gjer kva. Når du er ferdig på BUP vil det vere legen din, helsesøster eller andre som følgjer med på korleis du har det.
Rettane dine
Er du 16 år er du helserettsleg myndig. Det vil seie at du må vere einig i helsehjelpa du skal få. Du kan også velje kor mykje foreldra dine (dei som har ansvar for deg) skal involverast i det som skjer.
Er du over 12 år har du rett til å få informasjon og til å bli høyrt når du seier meininga di. Er det spesielle grunnar til at du ikkje vil at foreldra dine skal involverast eller informerast, bør dette respekterast. Dei kan likevel ha krav på informasjon, viss det er nødvendig for at dei skal kunne ta vare på deg. Dette gjeld også sjølv om du er over 16 år. I så fall vil dei tilsette på BUP snakke med deg for å finne ut kva som er riktig, mogleg og trygt i ditt tilfelle. Skal foreldra dine få informasjon mot din vilje, skal du få vite kva som vil bli sagt og få moglegheit til å bli med i planlegginga av korleis det skal bli sagt.