Psykiske lidelser hos voksne, pakkeforløp
Nasjonale pasienttforløp for psykiske lidingar hos vaksne skal bidra til at du får tilpassa og heilskapleg hjelp utan at du må vente unødvendig. Vi legg til rette for at du skal få vere med å bestemme i behandlinga, og at behandlinga skal vurderast undervegs.
Forløp
Les mer om nasjonale pasientforløp for psykisk helse (helsenorge.no)
Viss du har eitt eller flere teikn på alvorlege psykiske lidingar, kan du bli tilvist til pasientforløp for psykiske lidingar hos vaksne. Forløpet startar når du blir tilvist. Du kan og bør sjølv vere med på å utarbeide tilvisinga di, og spesifisere kva du ønskjer hjelp til.
For å sikre at du får tilpassa oppfølging, og for å unngå unødvendig venting, har vi ein ressurs som blir kalla forløpskoordinator. Forløpskoordinatoren er ein kontaktperson for deg og dine pårørande som kan svare på spørsmål om timar og kva som skal skje undervegs i forløpet.
Tilvising og vurdering
Du kan bli tilvist til eit nasjonalt pasientforløp når du har eitt eller fleire teikn på alvorlege psykiske lidingar. Ved behov for akutt hjelp skal du tilvisast direkte til akuttilbod i psykisk helsevern.
Ved mistanke om psykose skal du tilvisast til pasientforløp for psykoselidingar. Ved mistanke om tvangsliding (OCD), kan du tilvisast til pasientforløp for tvangsliding (OCD). Tilvisinga blir vurdert, og du vert eventuelt tilvist vidare til næraste OCD-team.
I kartlegginga må den som tilviser deg til oss, så langt som mogleg, sørge for at du og dine pårørande er delaktige i beslutninga, for å sikre god dialog og informasjonsutveksling.
Når du er tilvist til spesialisthelsetenesta vurderer vi om du har rett til helsehjelp. Vurderinga blir gjort ut i frå informasjonen i tilvisinga, og i tråd med prioriteringsføreskrifta og prioriteringsrettleiarane. Sjå Aktuell informasjon om lov og forskrift for prioriteringsveilederne.
Dersom vi vurderer at din tilstand ikkje gir rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta, avsluttar vi pasientforløpet.
Utredning
Hensikta med den første samtalen er å etablere ei trygg ramme og å ta opp aktuelle problem. Din behandlar ønskjer å finne ut korleis du har det, kva du har behov for av hjelp og eventuelt kva hjelp du ønskjer. All informasjon skal vere forståeleg, og du og din behandlar finn ut om det er behov for vidare kartlegging og behandling.
Du og behandlaren din blir einige om ein kartleggingsplan. Vanlegvis vil kartlegginga innebere samtalar, strukturerte intervju og spørreskjema. Hensikta er å saman avklare kva som er hovudutfordringane dine, kva behov du har for eventuell vidare oppfølging, og å utarbeide ein plan for vidare behandling. Ein slik plan kallar vi ein behandlingsplan. Du får ein kopi av behandlingsplanen din.
Behandling
Når du startar behandlinga er det viktig at du og behandlaren din blir einige om behandlingsmål og framgangsmåte. Du får informasjon om behandlingsalternativa vi kan tilby. Du og behandlaren din skal drøfte varigheita på behandlinga, og kva dokker skal gjere for å nå måla.
For deg som har ei psykisk liding finst det fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komma fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vera med og bestemma er ein rett du har.
Samval
Når du har blitt syk eller har eit helseproblem, er det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling. Her finn du verktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.
Behandlinga varierer ut frå tilstanden din og alvorlegheitsgrad av problema. Vi tilpassar behandlinga til dine ønske og behov. Du må vere aktiv i di eiga behandling. Psykisk helsehjelp skal vere i tråd med anbefalt god praksis.
Du får eit spørreskjema for å kunne gi tilbakemelding på korleis du opplever behandlingseffekten, og relasjonen til behandlaren din. Dokker vil saman vurdere effekt av behandlinga fortløpande, og tilbakemeldingane dine er viktige.
Dersom du samtidig har oppfølging i kommunen eller NAV, kan det også verte ein del av behandlingsplanen din. Behandlaren din i spesialisthelsetenesta vil då samarbeide med dei kommunale tenestene, og det vil vere oppfølgingsmøte undervegs i behandlinga.
Kliniske studiar
2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
- Plan D – en undersøkelse av vitamin D ved psykoselidelser
- Digital søvnbehandling for deg som venter på behandling i psykisk helsevern
Oppfølging
Planlagt avslutning av pasientforløpet skjer etter ein gjensidig avtale mellom deg og behandlaren din. Dokker skal då saman evaluere behandlinga.
Dersom det er behov for vidare oppfølging av annan instans, bør vi ha på plass ein konkret, skriftleg plan for oppfølging. Denne må gjerne vere ein del av individuell plan (IP).
Koordinator eller behandlar i kommunen har ein koordinerande og sentral rolle etter at du har avslutta behandlinga i spesialisthelsetenesta. Tilrettelegging og samarbeid i samband med utskriving må sjåast i samband med Forskrift om utskrivningsklare pasienter (lovdata.no).