Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Mennesker som er på kurs. (Foto)

Pasient- og pårørandeopplæring

Pasientar og pårørande skal få god opplæring og informasjon om eigen sjukdom eller skade, for å vere i best mogleg stand til å mestre endringar i livet sitt. Læring og mestring, trygghet og forutsigbarheit er viktige mål for opplæring til pasienter og pårørende.

Førebuing til lærings- og meistringskurs. Start kurs

​​


Følg med i kurskalenderen nedst på sida for aktuelle kurs.

Nokre av kursa som ikkje er arrangert av Lærings- og meistringssenteret kan ha fysisk oppmøte. Sjekk innkalling.

Brukarorganisasjonar

Fleire brukarorganisasjonar svarar på spørsmål frå personar med kroniske sjukdommar per telefon. 

Sjå Helsedirektoratet sine nettsider for meir informasjon

Våre kurs blir halde på ulike stader. Nokre er på sjukehsuet, foreldrekurset for barn med autisme blir halde ved BUP Haugesund, og habilitering sine kurs er på Berg-senteret på Raglamyr i Haugesund.

Sjå innkalling for kvar ditt kurs er.



For tilvisarar

Du kan framleis sende tilvising per post til oss, men bruk helst dei digitale systema.

Send tilvisinga til det spesifikke sjukehuset (Stord, Haugesund eller Odda) og den spesifikke fagavdelinga kurset gjeld.

Merk tilvisinga spesielt med «lærings- og meistringskurs + diagnose/tilstand». Tilvisinga blir vurdert av lege ved aktuell fagavdeling før pasienten eventuelt får tilbod om kurs.

Faste kurs

  • KOLS
  • Multippel Sklerose
  • Hjarte (for alle som har hatt ei hjartehending)
  • Parkinson
  • Astma
  • Cøliaki
  • Diabetes type 2
  • Tinnitus
  • Ulcerøs Kolitt
  • Morbus Crohn
  • Nyre
  • Kurs for dei som har blitt overvektsoperert
  • Starthjelpkurs for foreldre som har fått barn med nedsett funksjonsevne
  • Foreldrekurs for dei som har barn med autisme
  • Foreldrekurs for dei som har barn med epilepsi
  • Plutseleg Vaksen
  • Ungdomskurs IBD
  • Smertekurs

Følg også med på kalenderen til Helse Fonna for fleire aktuelle kurs.

​Sjå og​​så

Digitalt kurstilbud for IBS pasienter ved Helse Vest​​Kurs for deg som er overvektsoperert​​


Praktisk informasjon til deg som skal på kurs eller som er pårørande

  

Kursutgifter

Om du ikkje kjem til kurs du er påmeldt til utan å seie frå innan 24 timar før kursstart, blir du belasta med 1053 kroner sjølv om du har frikort.

Som deltakar på legetilviste kurs kan du ha rett til dekking av transport, kost og overnatting mot ein eigendelHer kan du søke om å få dekke reiseutgifter

Dekking av utgifter til overnatting skal avtalast snarast råd etter at du har motteke innkalling til kurs, ring til Pasientreiser, telefon 05515.

Brukarar med særskilde behov for transport kan ha rett på rekvisisjon til pasientreise. Drosje tur-retur må tingast seinast dagen før på telefon 05515. 

Ta vare på alle kvitteringar. Ta kontakt med pasientreiser om du tenkjer at dette kan gjelde deg.

Pårørande har dei same rettane som pasientar når det gjeld kost/opphald/reise, dersom det står i tilvisinga frå lege at pårørande skal delta på læringstilbodet. Dersom ein må ha permisjon frå arbeid, kan pårørande eventuelt søke arbeidsgivar om velferdspermisjon.

Foreldre/pårørande til barn som skal delta på læringstilbod, kan ved fråvær frå arbeid søke om opplæringspengar.

Dette har same sats som sjukepengar under føresetnad av at ein har rett til sjukepengar. Ved omsorg for barn med funksjonshemming eller langvarig sjukdom, kan det ytast opplæringspengar sjølv om barnet er over 18 år.


Dersom pasienten har erklæring frå lege om behov for følgje på reisa, har reisefølgjet rett til dekking av reise/kost/opphaldsutgifter.

Reisefølgjet kan og få noko godtgjersle for tapt arbeidsinntekt.

Kursa blir arrangert ulike stadar i Helse Fonna sitt område. Sjå informasjon om dei ulike kursa kvar ditt kurs er.

Det kan vere vanskeleg å finne parkeringsplass ved våre sjukehus. Om du skal på pasient- og pårørandekurs, tilrår vi derfor å bruka offentleg transport eller få skyss om du har moglegheit til det.

Du bør rekna ekstra god tid om du køyrer eigen bil.

Parkering Haugesund sjukehus

Parkeringsanlegget nord for sjukehuset er for pasientar og pårørande. Det er i tillegg mogleg å parkere ved uteparkeringa nord for Stadion om det skulle vere plassmangel ved sjukehuset. Det er eigne automatar for betaling eller du kan bruke Easypark-appen. Følg instruks på skilt ved automat.

God kommunikasjon og gjensidig forståing er grunnleggande i møtet mellom pasient og helsepersonell, også når ein er på lærings- og meistringskurs.

Som pasient skal du ha informasjon om eigen helsetilstand og behandling på eit språk du forstår. Dersom du har avgrensa norskkunnskapar, eller du snakkar samisk, er døv, hørselshemma eller døvblind, kan du ha behov for tolk for at du og behandlar skal kunne forstå kvarandre best mogleg. 

Du kan og ha rett til tolk sjølv om du snakkar norsk til dagleg. Dette gjeld særleg ved alvorlege og kroniske sjukdommar, og ved samtale om psykiske lidingar.

Tolking på kurs

Det vil i mange situasjonar vere vanskeleg å få til god kunnskapsutveksling ved tolkebehov i ei gruppeundervisning. Ofte vil derfor behandlar oppmoda til utvida tilbod ved poliklinikk og individuell oppfølging i staden for tolketeneste i gruppeundervisning. Dette for å gi deg som pasient betre oppfølging og for at undervisningssituasjonen skal vere optimal i gruppa.

I individuell oppfølging vil det både kunne brukast tolk og tolketeneste over telefon, mens det i gruppeundervisning berre vil vere aktuelt med tolk som møter på staden.

Det er helsetenesta som har ansvar for å vurdere behovet for tolking og bestille kvalifisert tolk, men viss du tenkjer at du har behov for tolk er det bare flott om du minn oss på det. Du kan  ta det opp med din behandlar, eller med vår sekretær på lærings- og meistringssenteret.

For å få mest mogleg ut av ein tolka samtale, kan det vere nyttig å førebu seg:

  • Fortel helsetenesta kva for eit språk du snakkar
  • Om fleire familiemedlem skal vere med på konsultasjonen, bør ein ha ein tolk som alle i familien kan forstå
  • Møt opp til avtalt tid
  • Planlegg kva du ønskjer å ta opp i helsekonsultasjonen
  • Bruk korte setningar og ikkje si så mykje om gongen, då blir det lettare for tolken å tolke det som blir sagt på ein korrekt måte

Kurs og opplæring for deg som er pasient eller pårørande er vår hovudoppgåve. Kurstilbod finst ved alle avdelingar. Tilbodet hos oss er til deg som har kronisk sjukdom eller har fått nedsett funksjonsevne, og dine pårørande.

Våre lærings- og meistringssentre er ved Haugesund sjukehus og Valen sjukehus. Lærings- og meistringstilboda finn du:

  • Hardanger: Odda sjukehus og Folgefonn DPS
  • Sunnhordaland: Valen sjukehus og Stord sjukehus og Stord DPS og BUP
  • Haugalandet: Haugesund sjukehus og Haugaland/Karmøy DPS og BUP Haugesund

Finn kontaktinformasjon og les meir om Lærings- og meistringssenteret


Sist oppdatert 04.10.2022