Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Nukleærmedisinsk undersøking (scintigrafi)

Bildeundersøking med radioaktivt stoff   Nukleærmedisin er ein type bildediagnostikk der ein tilfører pasientane radioaktive stoff før bildetakinga. Vanlegvis blir stoffet injisert/sprøyta inn i ei blodåre. Ved nokre spesielle undersøkingar får du ein kapsel som du skal svelgje.

Før

Som regel er det ingen spesielle førebuingar til undersøkinga, men det er avhengig av kva organ som skal undersøkast. Ved nokre få nukleærmedisinske undersøkingar må du faste eller slutte med medisinar som har verknad på undersøkinga. Eksakt informasjon om kva som gjeld deg, får du informasjon om.

Du kan ikkje ha på deg smykke eller metallgjenstandar som belte eller liknande når du skal inn til undersøkinga. Husk også å tøme lommene for myntar og liknande.

Informasjon til deg som er gravid eller ammar.

Legen gjer ei grundig vurdering før ein avgjer om det er nødvendig å gjennomføre scintigrafi på gravide.

Dei som ammar må som regel stoppe amminga i nokre timar i samband med undersøkinga. I nokre tilfelle kan mjølka pumpast ut, frysast ned og brukast seinare då radioaktiviteten forsvinn etter nokre timar. Ved nokre tilfelle må ein avslutte amminga heilt.

Ta kontakt med oss dersom du er gravid eller ammar.

Under

Undersøkinga blir ofte gjennomført i to etappar:

  1. Det radioaktive stoffet blir sprøyta direkte inn i blodet. Stoffet blir konsentrert i dei organa vi skal undersøke (for eksempel i nyrer, skjelett, hjarte etc.) Det kan ta litt tid før organet tek opp stoffet, og derfor er det ofte nødvendig å vente litt før vi tar bilda. Kor lenge vi må vente er avhengig av kva organ som skal undersøkast.
  2. Når vi tar bilda ligg du på ein benk som er kopla til eit gammakamera som registrerer den radioaktive strålinga frå stoffet som er injisert. Vi tar enkeltbilde av bestemte område, bilde av heile kroppen, eller kameraet kan gå rundt kroppen (tomografi/SPECT-CT).

Gjer det vondt?

Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv men du må ligge stille under billedtakinga.  Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Forutan eit stikk i arma i samband med innsprøytinga av det radioaktive stoffet, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.

Kor lenge varer undersøkinga?

Scintigrafi varierer frå nokre minutt til 1-1,5 time, avhengig av kva organ som skal undersøkast og kor mange bilete ein skal ta. Nokre gonger er det behov for tilleggsbilete. Ved nokre undersøkingar må bileta takast over fleire dagar.

Informasjon om kor lang tid undersøkinga vil ta for deg og om den må gå over fleire dagar, får du i innkallingsbrevet.

Etter

Etter undersøkinga kan du reise heim, eller tilbake til avdelinga dersom du er innlagt på sjukehuset.

Når får eg resultatet?

Etter undersøkinga blir bileta grundig vurdert av lege. Resultatet er som regel klart etter nokre få dagar. Nokre gonger same dag. Dette er avhengig av type undersøking og kor mykje det hastar.
Vi sender skriftleg rapport til legen som tilviste deg til scintigrafi. Inneliggande pasientar får vanlegvis svar same eller neste dag.

Ver merksam

Vi anbefaler deg å drikke rikeleg, og tisse ofte dei første timane etter at du har fått injisert eit radioaktivt stoff. Det meste av radioaktiviteten vil vere ute av kroppen i løpet av det første døgnet.

Strålebelastninga for nukleærmedisinske undersøkingar til omgivnadane er som oftast ubetydeleg.

Kontakt