Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
To sjukepleiarar som går i korridoren

Om oss

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, tre distriktspsykiatriske senter (Haugaland, Stord og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

Våre hovudoppgåve​​​​​r er 

Organisasjonskart (PDF)

Helse Fonna Organisasjon 2024.pdf

Vår visjo​​n

Vi skal fremme helse, meistring og livskvalitet.

Våre ​​verdiar

Respekt i møte med pasienten. Kvalitet i prosess og resultat. Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg

Våre mål​

Trygge og nære helsetenester. God samhandling og effektiv ressursbruk i heile pasientforløpet. Aktiv pasientdeltaking og heilskapleg behandling. Ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon

Visjon, verdiar og mål i den regionale strategien Helse 2035 er felles for alle føretaka i Helse Vest RHF og gjeld i heile planperioden. Dei peiker ut retninga for korleis Helse Fonna HF skal utvikle seg innan gitte rammer i nasjonale, regionale og lokale planverk, lovar, forskrifter og styringskrav.

Helse 2035 - Helse Vest RHF (helse-vest.no)

Utviklingsplan​​

Helse Fonna har ein utviklingsplan som viser korleis vi skal skape pasienten si helseteneste gjennom god og framtidsretta pasientbehandling og god bruk av ressursar.

Les Utviklingsplan for Helse Fonna HF

Helse Fonna har ein eigen overordna miljøpolitikk og miljømål​

Helse Fonna HF skal legge til rette for miljøvennleg drift av helseføretaket. Miljøstyringssystemet skal sikre at lovar og forskrifter samt interne krav blir etterlevd. 

Vi skal kontinuerleg arbeide for å betre våre miljøprestasjonar. Miljøaspektet skal prioriterast høgt både i drift, innkjøp og investeringar.

Helse Fonna ​HF skal til ei kvar tid ha fokus på sine miljøområde

  • Utslepp (luft, vatn og jord)
  • Forbruk av ressursar (forbruksmateriale)
  • Avfall (redusere avfallsmengde)

​Miljømål

  • Redusere føretakets utslepp av CO2
  • Auke av kjeldesortert avfall
  • Redusere ressursforbruket
  • Auke bruk av økologiske matvarer
  • Førebygge utslepp gjennom avløp.

Når du kjem til oss, kan du ta kontakt med frivilligkorpset. Dei kan hjelpe deg med å finne fram på sjukehuset, halde deg med selskap mens du ventar, eller andre ting du treng hjelp til mens du er hos oss. 

Frivilligkorspet er kledd i rødt og du finn dei i resepsjonen på Haugesund sjukehus og Stord sjukehus. 

Les meir om frivilligkorpset

Kva skjer i Helse Fonna?

Sist oppdatert 10.10.2024