Vevsprøve fra bryst

For å kunne stille ein sikker diagnose kan det vere naudsynt å ta ei vevsprøve av noko ein har funne med mammografi eller ultralyd av brysta. Prøvetakinga skjer vanlegvis ved hjelp av ultralyd slik at røntgenlegen kan vere sikker på at prøva vert teken frå rett stad. Ved prøvetakinga blir ei nål stukken gjennom huda til det aktuelle området.
 

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Undersøkinga krev ingen førebuing .

Unntak - dersom du nyttar det blodfortynnande medikamentet Marevan, kan det vere naudsynt å la vere å ta tablettene dei siste dagane før prøvetaking. Dette kan du ta opp med tilvisande lege.

 

2. Under

Under undersøkinga er du avkledd på overkroppen og ligg på ein undersøkingsbenk. Røntgenlegen undersøker først brystet ditt med ultralyd og merkar av kvar ein skal ta vevsprøva. Huda over det aktuelle området blir reingjort med desinfeksjonsmiddel og det blir som oftast gitt lokalbedøving. Deretter vert ei eller fleire nåleprøver tekne med ultralydrettleing, noko som gjer at ein heile tida kan sjå kvar nåla er.

Sjølve prøvetakinga er vanlegvis ikkje smertefull.

Vi set eit plaster over området der røntgenlegen har teke prøvar. Plasteret skal sitje på i 2-3 dagar.

3. Etter

Etter at prøvetakinga er ferdig kan du reise heim.

Ver merksam

Det kan i enkelte tilfelle blø etter prøvetaking. Ei slik blødning kan du enkelt stoppe ved å trykke mot plasteret. 

Det er svært sjeldan at det oppstår infeksjon i brystet etter prøvetaking, men dersom du skulle få teikn til dette så ta kontakt med fastlege eller legevakt.

Kontakt

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.