Ultralyd av urinblære og nyrer
Ultralyd er høgfrekvente lydbølgjer. Lydhovudet på ultralydapparatet sender lydbølgjer inn i kroppen og registrerer bølgjene som kjem i retur. Lydbølgjene blir fanga opp, analyserte og omdanna til eit bilete, som vi kan beskrive.
Noko av det vi kan sjå på ultralyden
Med ultralyd kan vi måle storleiken på nyrene og sjekke om det er væske i dei, eller om det er synlege cystar. Både blære og nyrer blir sjekka for nyrestein.
Ultralyd kan også måle kor mykje urin som eventuelt er igjen i blæra etter vasslating.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell vise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.
Tilvisinga skal innehalde beskrivingar av områda i sjekklista under.
Før
For å få til ei god undersøking er vi avhengige av at det er urin i den blæra vi skal sjå på. Det er derfor fint om du ikkje går på toalettet 1-2 timar før undersøkinga.
Under
Ultralyddiagnostikk skjer utan noko form for inngrep. Det blir utført ved hjelp av eit lydhovud som blir ført over huda der dei aktuelle organa ligg. Undersøkinga gjer ikkje vondt.
Etter
Til slutt får du ein samtale med lege og uroterapeut som går gjennom resultata saman med deg. Du får høve til å stille spørsmål.
Så vurderer vi vidare oppfølging. I nokre tilfelle får du dei endelege resultata under oppsummeringssamtalen. Resultata blir sende til den som har vist deg og andre som eventuelt skal følgje deg opp.