Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ultralydundersøking blir gjort for å stille ein diagnose og er i dei fleste tilfelle eit supplement til mammografi. Det er ei målretta undersøking i høve til tilvisingsårsak, som gjerne er ein kul i brystet, eller endringar som er sett ved mammografi. Unntaket er unge kvinner der det ofte berre blir gjort ultralyd.
Fastlegen din eller lege på sjukehuset tilviser deg primært til mammografi, så vurderar røntgenlegen om det skal supplerast med ultralydundersøking.
Undersøkinga krev inga forebuing.
Undersøkinga blir vanlegvis utført mens du ligg på ein benk. For å kunne lage bilde må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet på apparatet. For å få dette bruker vi alltid kontaktgelé på huda. Den kan kjennast litt kald med det same. Lydhovudet blir bevega fram og tilbake i det aktuelle området og det blir tatt ei rekke bilde. Undersøkinga gjer ikkje vondt. Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre oversikt. Det kan kjennast litt ubehageleg, spesielt viss du allereie har smerter eller er øm i området.
Pasientar som er innlagt på sjukehuset kjem tilbake til avdelinga. Andre kan reise heim etter undersøkinga. Av og til kan den som undersøker deg gi svar direkte, men oftast vil du få svar gjennom legen som tilviste deg til undersøkinga i løpet av få dagar. Pasientar som er innlagt på sjukehuset får som regel svar neste dag.
Undersøkinga gir ikkje risiko for komplikasjonar.