Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ultralyd av arterier, nynorsk

Ved ultralydundersøking blir lydbølger (ultralyd) brukte, som blir sende inn i kroppen der dei treff ulike typar vev og blir reflekterte tilbake. Ut frå det reflekterte signalet (ekkoet) blir det skapt bilde av organa og det blir målt blodstraum i blodårar. Teknikken kan samanliknast med eit ekkolodd. Dersom du har tette pulsårar, kan vi bruke ultralyd til å lage «levande» bilde av blodårane. Slik kan vi både sjå fortettingar i pulsårane og måle kva slags effekt fortettingane har på blodstraumen.

Før

Undersøkinga krev ingen førebuingar.

Under

Først og fremst vurderer vi symptom og sjukehistorie. Dette blir følgt av ei undersøking der vi blant anna kjenner på pulsen og måler blodtrykket i beina.

Dersom blodtrykket i beina dine er normalt i kvile, må du gå på ei tredemølle. Om du har tette pulsårar vil blodtrykket i beina falle under belastninga, noko vi kan måle.

Til sist ser vi på pulsårane med ein ultralydskannar. Da fører vi eit instrument langs pulsårane frå magen og ned på leggen. På den måten kan vi finne forsnevringar, fortettingar og eventuelle utvidingar av pulsårane.

Til sist samanliknar vi symptom og funn for å vedta om det er nødvendig å behandle deg og i så fall kva som må gjerast.

Gjer det vondt?

Undersøkingane gjer ikkje vondt.

Kor lenge varer undersøkinga?

Undersøkinga kan vare opp til 45 minutt.

Etter

I etterkant kan du reise tilbake til arbeid eller heim.

Det er ingen ubehag eller komplikasjonar undervegs eller etter undersøkinga. Du kan ha normalt aktivitetsnivå etter undersøkinga.

Når får eg resultatet?

Resultata er klare omgåande og du får dei ved avslutninga av konsultasjonen.

Kontakt