Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hepatose

Svangerskapskløe

Kløe i svangerskapet skjer hyppig og er for det meste ein ufarleg tilstand som ikkje krev oppfølging. Langt sjeldnare (1 prosent) kjem av kløa hepatose. Hepatose er kjenneteikna av forhøga galle- og leverfunksjonsprøvar og kløe utan utslett, spesielt i hender og under fotsolane. Kløa er vanlegvis verst om nettene og førekjem ofte i slutten av svangerskapet.

Tilvising og vurdering

Gravide med kløe på grunn av hepatose skal tilvisast til sjukehus for oppfølging, då forhøgja gallesyrer kan utsetje fosteret for risiko.

Før

I tillegg til kløe i handflater og fotsolar kan symptoma vere trøyttleik, vekttap, smerter i matrøyret, mørk urin og gallestein.

Får du desse symptoma bør du ta kontakt med jordmora di eller fastlege for å ta ein blodprøve.

Symptoma kan oppstå før det gir utslag på blodprøvane. Ved vedvarande og typisk kløe, men normale blodverdiar bør det derfor vurderast å gjenta prøvetakinga. Det er ikkje samanheng mellom kløeintensiteten og gallesyrenivåa.

Symptoma kan forvekslast med gallestein og ved tvil bør du bli tilvist til ultralydundersøking av lever og gallevegar. Symptoma kan også forvekslast med svangerskapsforgifting, akutt feittlever i svangerskapet og virusinfeksjon. Ved tvil blir det tatt utvida blodprøvar.

Under

Ved hepatose får du ofte behandling med K-vitamin, Ursofalk og Polaramintablettar for å lindre kløe, hjelp ved søvnvanskar og til å redusere gallesyrenivået.

Ved høge nivå av gallesyre kan det vere ein auka risiko for uheldige svangerskapsutfall/komplikasjonar mot slutten av svangerskapet. Svangerskapet blir derfor følgt tett og det vil fortløpande bli vurdert om det er behov for å setje i gang fødselen.

Etter

Gravide med hepatose kan ha K-vitaminmangel, som kan medføre auka blødingsfare etter fødselen. Fødselshjelparane vil ha tiltak klare for å førebyggje og behandle slike blødingar.

Gravide som har hatt hepatose har 90 prosent risiko for gjentaking i eit nytt svangerskap.

Etter fødselen sluttar du med medisinar. Vidare oppfølging skjer hos fastlege med kontroll av leverfunksjonar cirka 14 dagar etter fødsel. Du skal også vere forsiktig ved bruk av p-piller som kan utløyse den same tilstanden.

Kontakt

  • Kontakt Føde og barsel, Haugesund

    Oppmøtestad

    3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

    Besøkstider og retningslinjer for besøk

    • Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
    • Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00

    Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 




    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

     

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.

  • Kontakt Føde og barsel, Stord

    Oppmøtestad

    Dagtid i vekedagar:

    Gå inn hovudinngangen ved Stord sjukehus. Avdelinga vår ligg i underetasjen (U1).

    Kveldstid etter kl. 19.00, helg og natt:

    Vi har eigen inngang til avdelinga som kan brukast når hovudinngangen til sjukehuset er stengt. Gå opp trappa til høgre for det interkommunale legevaktsbygget, og følg gangvegen heilt til døra. Dersom døra er stengt, ringer du på ringeklokka til venstre for døra. Vi kjem og hentar deg.

    Besøkstider:

    • Barnefar: kl. 09.00 – 21.00
    • Søsken og besteforeldre: kl. 17.00 – 18.30
    En bygning med trær og biler foran seg

    Stord sjukehus

    Tysevegen 64, 5416 Stord

    Praktisk informasjon

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

    OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.