Blodsukkermåling
Dersom glukosebelastningen eller HbAc1-prøven viser at du bør starte med å måle blodsukker, vil du få opplæring i måling av blodsukker samt ei oversikt over kor tid og kor ofte du skal måle.
Resultata frå blodsukkermålingane blir vurdert når du kjem til svangerskapskontroll. Du får hjelp til å sette i verk tiltak dersom det er nødvendig for å halde blodsukkernivået innanfor normalverdiane.
Det blir anbefalt at du måler og noterer blodsukkeret ditt 3 gonger dagleg:
- Før frukost (fastande)
- 2 timar etter du startar å ete frukost
- 2 timar etter du startar å ete middag
Blodsukkerverdiane bør vere under 5,3 mmol/l når du er fastande - og under 6,7 mmol/l to timer etter måltid.
Dersom du målar 3-4 blodsukkerverdiar i løpet av 2-3 veker som er over desse verdiane, bør du tilvisast til sjukehuset / til ein diabeteslege for å bli vurdert om du treng medisinar for å regulere blodsukkernivået.
Kost og aktivitet
Ved påvist svangerskapsdiabetes er det viktig at du følgjer dei råda du får om kost, levesett og aktivitet, samt at du møter til dei kontrolltimane du blir sett opp med. Dette er viktig for helsa di og barnet sin vekst og utvikling i svangerskapet, og for framtidig helse for deg og barnet.
Dei fleste med påvist svangerskapsdiabetes klarer å regulere blodsukkernivået med kostregulering og regelmessig fysisk aktivitet, og kan derfor fortsetje med hos eigen lege / jordmor.
Alle gravide anbefalast å ha eit variert kosthald med grove kornprodukt, grønsaker, frukt og bær, magre meieriprodukt, fisk, bønner, linser, erter og nøtter. Mengda av tilverka kjøt, raudt kjøt og matvarar med mykje metta fett, sukker og salt bør avgrensast. For eit jamt blodsukker er det gunstig å ha regelmessige måltid, unngå raske karbohydrater og fordele maten over fleire måltid utover dagen.
Behandling med medisin
Om ikkje kostendringar og mosjon er tilstrekkeleg for å halde blodsukkeret innanfor normalverdiane, må behandlinga supplerast med medisin - enten tablettar eller injeksjonar med insulin.
Har du utvikla svangerskapsdiabetes som krev insulinbehandling, vil du få vidare oppfølging på sjukehuset i tillegg til dine vanlege svangerskapskontrollar. Det er viktig med tett oppfølging for å tilpasse insulindoseringa dei første månadane. Faren for alvorleg hypoglykemi er betydeleg auka i denne perioden. I veke 18-20 aukar behovet for insulin. Det er viktig at du følgjer planen som blir lagt for vidare svangerskapskontrollar.