Før operasjonen må vi vite om du har sjukdommar eller allergiar og om du bruker medisiner. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.
Alle må på førehand fylle ut "Egenmeldingsskjema om helsetilstand" . Dette er for at sjukehuset skal vite om sjukdommar eller symptomer som må vurderast før operasjonen og for å vurdere om du skal leggast inn før eller etter operasjonen.
Har de tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose, vil vi gjerne at de fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de om mogleg skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.
Det er viktig at sykehuset veit kva for medisinar du bruker, spesielt gjeld dette blodfortynnande medisiner (for eksempel Albyl, Plavix, Efient, Brilique, Marevan, Xarelto, Eliquis, Pradaxa, Persantin).Ta med medisinlisten din til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisiner eller kosttilskudd. Det er anestesilegen som avgjer kva for medisiner du kan ta før operasjonen.
Faste
Du skal faste før operasjonen. Det betyr at du ikkje kan ete fast føde eller drikke mjølkeprodukt (dette inkluderer yoghurt) etter kl. 24.00 kvelden før operasjonen. Du kan drikke litt klare væsker som saft, tynn juice utan fruktbitar og vatn frem til 2 timar før oppmøtetid på operasjonsdagen. Etter dette kan du ikkje ete eller drikke noko. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du bør ikkje bruke røyk eller snus dei siste 6 timane før operasjonen.
Hygiene
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.
Du kan ikkje ha på deg ringar, klokker, piercingar, kontaktlinser, sminke eller neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på.
Sjukehuset må vite om du har tannprotesar, bro, krone, stift eller lause tenner. Protesar kan du behalde til du er inne på operasjonsstova. Dei må takast ut før du sovnar.
Oppmøte
De møter på øyre-nase-hals avdelinga i 1.etg. Der møter du personell som tek i mot deg og du får utdelt sjukehusklede og seng. Vi har garderobeskap med lås kor du kan oppbevare eigendelane dine. Førebu deg på at det kan bli venting denne dagen.
For å redusere smerte etter operasjon vil du få smertestillande.