Skjelettundersøking
Røntgenundersøkelse
Røntgen av skjelettet gir oss bilete av ein eller fleire knoklar eller ledd. Vi tar skjelettundersøkingar for å avklare om det er skade eller sjukdom i og/eller rundt beinvev. Skjelettundersøkingar er også ofte kontrollar på innopererte protesar, gamle brudd eller tidlegare forandringar.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
- Det kan hende du må tømme tarmen. Dette kan variere fra kor på kroppen du blir undersøkt. Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga blir sendt til deg ved innkalling eller gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.
- Dersom du er gravid må du kontakte røntgenavdelinga i god tid før undersøkinga.
Du må ta vekk gjenstander som inneheld metall, som belter og smykker.
Under
Under sjølve bilettakinga er det viktig å holde deg heilt i ro. Enkelte ganger skal du holde pusten. Undersøkinga varer frå 3 til 20 minutt.
Etter
Kontakt
Haugesund sjukehus
Radiologi
Oppmøtestad
Radiologi Haugesund
Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus
Radiologi Stord
Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus
Radiologi Odda
Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord

Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda