Råd for å redusere smitte av RS-virus
RS-virus smittar gjennom dråpar som blir frigjorde ved at ein person som har infeksjon hostar, nys eller snakkar i nærleiken av deg. Smitte kan også overførast dersom du tar på noko ein smitta person har hosta, nyst eller tatt på, og deretter gnir deg i auga eller tar deg i nasen.
Det er derfor viktig å ha god handhygiene også heime og mellom sjuke og friske barn.
Vidare er det anbefalt:
Dei vanlegaste symptoma er som ved forkjøling med hoste, nysing og rennande nase. Hos små barn kan sjukdomen gi hoste, pustevanskar og pipande pust. Pusten blir raskare og barnet bruker mykje krefter på å puste. Barnet kan bli bleikt og få blåleg farge rundt leppene. Barnet kan få feber, bli sliten, spise lite og vise mindre interesse. Dei minste barna under 1-2 månadar kan i starten ha pustepausar på 5-10 sekund som einaste symptom.