Transport
Du kan reise heim etter inngrepet. Det kan hende du må ta nokre medisiner som gjer at du ikkje kan køyre bil etterpå. Du må derfor avtale at nokon er med deg på sjukehuset, eller kjem å hentar deg.
Mat og drikke
Du kan ikkje ete varm mat eller ha varme drikker dei 2-3 første dagane etter inngrepet. Det er fordi det kan auke faren for blødning.
Smertestillande
Du vil oppleve noe smerte eller ubehag i nasen dei første 2-3 dagane. Då kan du bruke paracetamol som smertestillande. Følg dosering som står på pakken.
Skylje nasen
Det er vanleg å ha snue med litt blod i fra nasen dei første dagane. Nokre pasientar har tampongar i nasen til dagen etter. Når tampongane er fjernet skal du skylje nasen med saltvatn minst tre gonger dagleg. Kok opp 1 liter vatn og bland i 1 stroken spiseskei salt og avkjøl. Saltvatnet snufsar du inn i nasen frå handa di eller ved bruk av eit nasehorn. Dette skal du gjere i 14 dagar.
Det kan ta opptil 2 månader før du merker betring.
Bruk av nasespray
Viss du bruker reseptbelagt nasespray kan du starte opp att med den ei veke etter inngrepet.
Fravær /aktivitet
Det er ikkje vanleg med sjukmelding etter inngrepet, men du skal unngå trening i to veker grunna blødningsfare.