Undersøking, Magnetisk resonans

MR-undersøking

Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber inga form for røntgenstråling.

MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandringar i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjartet, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusiv tarmsystemet.

Tilvising og vurdering

Tilvising blir vanlegvis skrive av lege på sjukehuset eller i primærhelsetenesta.
 
Tannlegar kan tilvise til MR, og kiropraktorar og manuellterapeutar kan også tilvise til MR i forbindelse med muskel- og skjelettplager.

 

Tilvisinga må innehalde informasjon om

  • innoperert metall eller elektronikk i kroppen
  • pacemaker
  • innoperert høyreapparat
  • klips på blodkar i hovudet
  • metallsplint i auge
  • pasienten er gravid
Dersom pasienten har behov for tolk, må ein oppgi det, og dessutan kva språk pasienten snakkar.

Før

På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du:

  • har pacemaker
  • har høyreapparat
  • har klips på blodkar i hovudet
  • har metallsplint i auget
  • er gravid
  • har anna innoperert metall i kroppen og elektronikk

Sjekkliste: Dette må bli fjerna før undersøkinga:

  • Klokker, bank- og kredittkort: Desse kan bli øydelagde av magnetfeltet.
  • Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke. Desse kan bli trekte inn mot apparatet i stor fart.
  • Høyreapparat: Det kan bli påverka av magnetfeltet.
  • Tannprotesar: Dei kan forstyrre i bileta og lause tannprotesar må bli tekne ut om du skal undersøkje hovudet/halsområdet.
  • Augesminke: Den kan innehalde små delar av metall som kan forstyrre bileta.
Dersom du bruker medisinar kan du ta dei på vanleg måte.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

I nokre tilfelle må vi sette kontrastvæske i blodet. Du får eit tynt plastrøyr (venekanyle) lagt inn ei blodåre. Dersom det er aktuelt å gi deg kontrastvæske i forbindelse med undersøkinga vil legen din bestille nyrefunksjonsprøve (blodprøve) som du må ta før MR-timen. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt. MR-kontrast gir sjeldan biverknadar i form av allergiliknande reaksjonar.

Har du klaustrofobi?

Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du bør ta kontakt med avdelinga dersom du trur dette kan bli eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på. Dersom du har vondt for å liggje og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.

Amming 

Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal, og du kan ta MR sjølv om du ammar.

Under

Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar. Avhengig av kva område på kroppen som skal undersøkjast, ligg du med hovudet eller beina først.

Mens fotograferinga skjer, høyrer du ei rekkje bankelydar i maskinen. Du får øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden. Det er viktig å ligge stille mens denne bankinga pågår.

Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga skjer.

Skal du undersøke bekkenorgana, kan det vere nødvendig å sette ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte å røre seg ei lita stund. Tarmrørsler kan elles gi forstyrringar i bileta.

Undersøkingstida varierer frå 15 minutt til 1 1/2 time, avhengig av kva område som skal undersøkjast og kor mange bilete ein skal ta.

Gjer det vondt?

Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.

Du kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.

Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi kontrastvæske i ei blodåre i armen for at organ eller blodårer skal komme godt fram på bileta. Forutan eit stikk i armen, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.

 

 

Etter

Er du innlagt på sjukehuset, kjem du tilbake til avdelinga. Dersom du har fått kontrastvæske, må du vente til det har gått 30 minutt. Elles kan du reise heim når du er ferdig. Har du brukt avslappande medikament, bør du ikkje køyre bil sjølv.

Resultatet av undersøkinga 

Bileta blir granska av ein radiolog (overlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir send til legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.

Ver merksam

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

For pasientar med sterkt redusert nyrefunksjon kan det oppstå alvorlege biverknader etter bruk av MR- kontrastmiddel.Det blir tatt særlege omsyn til denne pasientgruppa. MR-kontrastmiddel kan ein gi der det er nødvendig å påvise sjukdomtilstandar, etter nøye medisinsk vurdering.

Dersom det er aktuelt å gi deg kontrast i forbindelse med undersøkinga vil det i nokre tilfelle vere behov for å avklare nyrefunksjon ved hjelp av ein blodprøve. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt.