Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar.
Korleis du ligg avheng av kva som skal undersøkast. Det ein skal undersøke må ligge midt i magneten.
For å ligge komfortabelt kan du for eksempel få ei pute under knea.
Ved MR-undersøking av nakkeområdet er hovudet plassert i ei form med mogelegheit til å sjå ut. Det er denne som lagar bileta.
Medan fotograferinga går føre seg høyrer du ein bankelyd i maskina. Det er viktig å ligge stille mens denne bankinga pågår. Du vil få utdelt øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden eller du kan høyre på musikk/radio.
Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga går føre seg. MR sjekklisten gjelder også for pårørande som skal være i rommet.
Når bileta vert tatt går personalet ut av rommet, men dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa som du kan bruke for å få kontakt med personalet, dersom du må ut av maskina. Denne gir tryggleik for både deg og personalet. Dei kan elles snakke med deg via ein mikrofon eller dei kjem inn i rommet kor du ligg.
Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra.
Undersøkinga tek omlag 15 til 60 minutt, avhengig av kva din lege har etterspurt.
Du får nærmare informasjon om dette frå personalet når du kjem på avdelinga.
Gjer det vondt?
Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel før sjølve undersøkinga startar.
Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi MR kontrast i ei blodåre. Forutan eit stikk i arma, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.