HELSENORGE

Mammografi

Mammografi er ei røntgenundersøking av brysta som viser brystvevet for å oppdage eventuelle forandringar.

Ventetider

Innleiing

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen din som tilviser til mammografi. Alle tilvisningar til klinisk mammografi blir vurderte individuelt. Vi tar utgangspunkt i dei opplysningane som står i tilvisinga. Der det er stor mistanke om kreft, får du time innan 7 dagar. Om det ikkje kjem fram opplysningar i tilvisninga som gjer at ein mistenker kreft, kan ventetida bli nokre veker.

Vi har tre hovedkategoriar av pasientar:

  • Tilvisningar grunna nye forandringar i brysta. Dette kan vere forandringar pasienten har merka sjøl, eller som er oppdaga av lege.
  • Kontrollundersøking av pasientar som tidligare har gjennomgått behandling for brystkreft.
  • Kontrollundersøking av kvinner som har auka risiko for brystkreft grunna mange brystkrefttilfelle i nær familie. Desse er kvinner som har blitt anbefalt jamlege kontrollar etter genetisk rettleiing.

Mammografiprogrammet

Kvinner i alderen 50-69 år blir automatisk inviterte til mammografiscreening i regi av Mammografiprogrammet kvart andre år. Hensikta er å oppdage brystkreft i et tidleg stadium. Frå 1. januar 2020 utfører vi både screening, tolking og oppfølging ved Haugesund sjukehus for kvinner i Nord-Rogaland, Sveio, Vindafjord og Etne.  Alle får svar på screeninga i løpet av 2-3 veker. Svaret blir kun sendt til deg. Dersom det er behov for ei grundigare undersøking, vil du få tilsendt SMS og brev om time. Omlag 3-4 % av kvinnene som møter Mammografiprogrammet blir tilbakekalt til grundigare undersøking på brystdiagnostisk senter. For dei fleste inneber dette fleire røntgenbilde og/eller ultralydundersøking. Nokre gonger er deg også nødvendig med celle- og/eller vevsprøve. Å bli innkalt til etterundersøking betyr ikkje at du har brystkreft. Rundt 1 av 5 som blir kalla inn til etterundersøking har forandringar som må behandlast.


Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Sjekkliste for tilvising – elektiv mammografi

Eksempel på problemstillingar der tilvising til brystdiagnostisk senter er aktuelt:

  • «Tumor mammae» - både ved usikre og eintydige palpasjonsfunn
  • Nyoppstått papilleinndragning som ikkje let seg retrahere
  • Hudinndragning
  • Hudmisfarging der underliggande hudsjukdom eller abscess ikkje er mest sannsynleg diagnose
  • Hudfortjukking av uklar etiologi
  • Sekresjon, kun viss denne er serøs eller blodig
  • Ved mistanke om aksillære lymfeknutemetastaser

Brystkreft hos unge kvinner er svært sjeldan. Forandringar i brysta hos kvinner under 35 år blir oppfatta som nye kular eller klumpar. Desse varierer ofte med menstruasjonssyklus. Desse forandringane kan ofte forsvinne spontant, og det kan derfor vere grunn til å sjå an situasjonen 1 – 2 månader eller menstruasjonssyklusar hos desse unge kvinnene før ei evt tilvising.

Smerter aleine er normalt hos kvinner, spesielt yngre, og er ikkje indikasjon for bildeutgreiing. Nye smerter hos postmenopausale kvinner utan anna openberr årsak kan vere grunn for tilvising til brystutgreiing.

Tilvising til vidare utgreiing/behandling

Anamnesen bør minimum innehalde opplysingar om:

  • Er funnet oppdaga av pasienten sjølv, eigen lege eller tilfeldig (ved mammografi)?
  • Varigheit av symptom/funn
  • Endringar i samband med menstruasjonssyklus
  • Bruk/endring av hormonpreparat
  • Tidlegare brystsjukdommar, eventuelt med biopsisvar
  • Førekomst av brystkreft og/eller ovarialkreft hos førstegradsslektning (mor, søstre, døtre)
  • Menstruasjonsstatus: dato for siste menstruasjons første dag, eventuelt alder ved menopause
  • Alder ved evt første fødsel og talet på barn

Skildring av aktuell tumor/funn – klinisk undersøking bør minimum innehalde opplysingar om:

  • Systemisk inspeksjon og palpasjon av bryst, aksiller og fossae supra – og infraclaviculares dannar basis for vidare diagnostikk
  • Hud- og papilleforandringar må skildrast og lokaliserast
  • Palpatoriske funn skal registrerast med lokalisasjon (fire kvadrantar + retroareolært område), størrelse (i millimeter), konsistens og kor bevegeleg det er i forhold til omliggande strukturar.
     

Før

Du bør ikkje bruke deodorant, parfyme, pudder eller krem av noko slag i armhola eller på/under brysta den dagen du skal til undersøking. Dette kan påverke bileta og gjere vurderinga av bileta vanskeleg.

Ein radiograf vil stille deg nokre spørsmål før sjølve undersøkinga og sjå etter forandringar i huda på brysta som kan bli synlege på mammografibileta. Dette er informasjon som røntgenlegen bruker når han granskar bileta.

Under

Sjølve røntgenundersøkinga tek berre nokre få minutt. Brystet blir plassert på ei plate, og ei øvre plate blir senka ned og legg press på brystet for å gjere røngtenbiletet skarp og redusere stråledosen. Nokre kvinner synest dette er ubehagelig, men det varer berre nokre få sekund.
Ut ifra kva som er årsaka til at du skal til mammografi, er gjennomføringa av undersøkinga slik:

  • Når du er tilvist til mammografi på grunn av eit symptom frå brysta tar vi to bilete av kvart bryst, og eventuelt tilleggsbilete. Vi tar også ultralyd og vevsprøve viss røntgenlegen meiner det er nødvendig.
  • Når du er tilvist som ledd i kontroll etter brystkreft, eller ved familiær risiko for brystkreft, tar vi to bilete av kvart bryst. Vi tar ultralyd og vevsprøve viss røntgenlegen meiner det er nødvendig.
  • Når du er tilvist som ledd i kontrollopplegg ved påvist genfeil tar vi kun eit skråbilde av kvart bryst. Dette i tillegg til at du får årleg MR-kontroll av brysta dine.
  • Ved undersøking etter invitasjon i Mammografiprogrammet tar vi to bilete av kvart bryst.

Etter

Du kan reise heim etter undersøkinga.

Dersom du er tilvist til mammografi, blir svaret på undersøkinga sendt til tilvisande lege.

Dersom det er tatt prøve/biopsi fra brystet ditt, vil dette bli diskutert på våre vekevise tverrfaglege møter og veka etter vil du få time hos kirurg for å få svar på prøven.

Mammografiscreening
Svaret på mammografiscreeninga blir kun sendt til deg.

Ca 3 % av kvinnene som møter til mammografiscreening blir innkalt til grundigare undersøking på brystdiagnostisk senter på Haugesund sjukehus. For de fleste inneber dette fleire røntgenbilete og/eller ultralydundersøking. Nokre gonger er det også nødvendig med celle- og/eller vevsprøve. Om lag éin av fem som blir innkalla til etterundersøking, har forandringar som må behandlast. Å bli innkalt til etterundersøking betyr ikkje at du har brystkreft. Kun ca 20 % av dei etterinnkalte har brystkreft.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?