Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lysbehandling av gulsott hos nyfødte

Mange nyfødde får gulsott etter fødselen. Hos dei fleste forsvinn dette av seg sjølv i løpet av to veker. Gulsott er enkelt å behandle med lysbehandling.

Gulsott er vanlig blant nyfødte, men det er sjelden farlig. Hos de fleste babyer forsvinner gulsott etter en uke eller to uten behandling. Dersom gulsott forverres etter hjemkomsten, bør man oppsøke lege.

Les meir på helsenorge.no

Eit nyfødd barn har mange raude blodceller (høg blodprosent) og når desse blir brote ned, blir det danna bilirubin som eit avfallsstoff. Samtidig er levra til den nyfødde umoden og klarer ikkje skilje ut det ekstra bilirubinet kroppen produserer. Gulsott oppstår når det blir for mykje bilirubin i blodet til barnet. Dette får huda, det kvite i auga og innsida av munnen til å sjå gult ut.

Gulsott opptrer vanlegvis to til fire dagar etter fødselen og forsvinn hos dei fleste av seg sjølv i løpet av dei neste to vekene. Unntaksvis kan konsentrasjonen av bilirubin i blodet bli så høg at behandling er nødvendig.

Dersom gulsotta blir alvorleg, kan ein merke at barnet blir slapt, søvnig, og kanskje ikkje er så interessert i å ete. Dersom barnet er synleg gul i panna, i det kvite i auga og på hendene blir det tatt ei blodprøve for å finne ut om mengda bilirubin er så høg at den krev behandling.

Før

På avdelingen kan ein undersøke for gulsott ved å lyse med eit spesielt, handhaldt apparat i panna på barnet. Dersom den viser forhøya verdi, tar vi ein blodprøve for å bekrefte at bilirubin er forhøya.

Under

Lysbehandling

Barnet ligger avkledd i senga og får på mjuke briller for å beskytte auga.

Eit stativ med ledlyspanel som lyser blått, blir plassert cirka 20 centimeter over barnet. Lyset hjelper kroppen å bryte ned bilirubinet.

Det varierer kor lenge behandlinga varer. Som regel trengs lysbehandling i 24 timar, men alt frå 6 til 48 timar er vanleg.

Barnet ligg nokre timar i lys før vi tar ny blodprøve for å måle mengde bilirubin (avfallsstoff) i blodet til barnet. Når barnet ligg i lys, kan det ta pausar for å amme/ete.

Fiberoptisk lysbehandling

Ei anna form for lysbehandling blir kalla fiberoptisk lysbehandling. Her blir barnet pakka inn i eit teppe med fiberoptiske ledlys som påverkar bilirubinet i blodet til barnet på same måte som ordinær lysbehandling. Under fiberoptisk lysbehandling kan barnet få ligge på mor eller fars fang mens behandlinga skjer. Ofte kombinarer ein behandlingane ved at barnet ligg på ein lysmatte samtidig som barnet får lysbehandling ovenfra. Dette er gjerne kalla dobbeltlys-behandling.

Immunglobliner og utskiftingstransfusjon

Dersom mengda bilirubin er svært høg og lysbehandling ikkje senkar nivået tilstrekkeleg, kan utskifting av blodet til barnet vere nødvendig. Dersom årsaka til gulsotta er at mor og barn har forskjellig blodgruppe, kan det også vere nødvendig å gjere ein utskiftingstransfusjon med immunglobuliner. Det er eit legemiddel som vi gir intravenøst og hindrer at det blir så mykje bilirubin i blodet.

Etter

Dagen etter at lysbehandlinga er avslutta, blir det ofte gjort ein kontroll av mengda bilirubin i blodet til barnet. Det kan vere nødvendig med fleire kontrollar dei neste dagane.

Kontakt

  • Kontakt Føde og barsel, Haugesund

    Oppmøtestad

    3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

    Besøkstider og retningslinjer for besøk

    • Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
    • Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00

    Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 




    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

     

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.

  • Kontakt Føde og barsel, Stord

    Oppmøtestad

    Dagtid i vekedagar:

    Gå inn hovudinngangen ved Stord sjukehus. Avdelinga vår ligg i underetasjen (U1).

    Kveldstid etter kl. 19.00, helg og natt:

    Vi har eigen inngang til avdelinga som kan brukast når hovudinngangen til sjukehuset er stengt. Gå opp trappa til høgre for det interkommunale legevaktsbygget, og følg gangvegen heilt til døra. Dersom døra er stengt, ringer du på ringeklokka til venstre for døra. Vi kjem og hentar deg.

    Besøkstider:

    • Barnefar: kl. 09.00 – 21.00
    • Søsken og besteforeldre: kl. 17.00 – 18.30
    En bygning med trær og biler foran seg

    Stord sjukehus

    Tysevegen 64, 5416 Stord

    Praktisk informasjon

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

    OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.