Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Igangsetjing av fødsel

Igangsetting av fødselen (induksjon) blir alltid gjort på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre gjort når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og / eller barn.

Utgangspunktet for all fødselshjelp er å fremje ein naturleg fødsel. At fødselen startar spontant mellom svangerskapsveke 37 og 42 hos ei frisk mor etter eit ukomplisert svangerskap, er det beste for mor og barn. Men det er ikkje slik for alle. Det kan vere faktorar både hos mor, barnet eller hos begge som gjer at det beste er å framskunde fødselen.

Kor lang tid tar det?

Når vi set i gang fødselen, ønsker vi å framskunde fødselen før kroppen sjølv er klar for dette. Å få fødselen i gang kan derfor ta fleire dagar for nokon kvinner, mens for andre kan det ta berre nokre timar.

Om din fødsel blir sett i gang, bør du innstille deg på at det kan ta tid før fødselsriene startar og du føder.

Det er aldri mogleg å seie nøyaktig kor lang tid ein fødsel vil ta. Når i svangerskapet fødselen blir sett i gang, om du har rier eller fostervatnet har begynt å renne og om du har fødd før, er alle faktorar som kan påverke kor lang tid fødselen tar. Korleis kroppen din responderer på den igangsettingsmetoden som blir brukt, veit vi ikkje før behandlinga er starta.


 

Tilvising og vurdering

Du må alltid ha tilvising frå fastlege eller jordmor i primærhelsetenesta for å bli vurdert ved fødeavdelinga om fødselen bør settast i gang. Ved akutte situasjonar kan du kontakte fødeavdelinga direkte, om mogleg - ring alltid til fødeavdelinga før du drar.

Eit svangerskap blir definert som overtidig frå og med dag 294 (fullførte 42 veker). Helsedirektoratet anbefaler terminkontroll hos spesialist i fødselshjelp når svangerskapet har nådd 41 veker. Du vil få time til terminkontroll av jordmora eller legen som følger deg i svangerskapet.

Om det oppstår sjukdom eller komplikasjonar i svangerskapet, vil du bli tilvist til spesialisthelsetenesta. Fødselen kan bli sett i gang dersom undersøkingane viser at det er den beste behandlinga for mor og / eller barnet.



Før

Terminkontroll (veke 41-kontroll)

Alle gravide får tilbod om terminkontroll på fødeavdelinga der dei skal føde, når dei er 4-7 dagar over termindato fastsett ved ultralyd. Svangerskapet er då ikkje på overtid.

Terminkontrollen kan avtalast til første verkedag som er praktisk gjennomførbar for kvinna og sjukehuset.

Terminkontrollen er ein utvida svangerskapskontroll. Hugs å ta med deg «Helsekort for gravide» og andre papir du har fått av jordmor / lege til kontrollar. Dette er viktig for at vi skal få ei oversikt over korleis svangerskapet har vore. Dei undersøkingane vi gjer på kontrollen, blir ført på helsekortet.

Ta med deg urinprøve som til ein vanleg svangerskapskontroll. Dei vanlege undersøkingane som blir gjort på ein svangerskapskontroll inngår i undersøkinga. I tillegg gjer vi følgande undersøkingar:

  • CTG-registrering der ein registrerer hjartelyd og aktivitet hos barnet ditt. Registreringa tar om lag ein halv time.
  • Ultralydundersøking for å vurdere mengda av fostervatn, sjå på fosterbevegelsar og fosterets storleik.
  • Vaginalundersøking kan vere aktuelt å gjere.

Overtidskontroll (> 42 veker)

Ved terminkontrollen avtalast tidspunkt for induksjon, eventuelt en kontrolltime.

Om du ikkje føder innan svangerskapsveke 42, vil jordmor / lege som følger deg i svangerskapet informere deg om når og kor du skal til overtidsvurdering.

Under

Ulike metodar for å sette i gang fødsel

Det er ulike metodar som kan brukast for å framskunde ein fødsel. Kva metode som blir valt, blir avgjort etter ei individuell vurdering.

Under graviditeten er livmorhalsen fast og fleire centimeter lang. Etter kvart som du nærmar deg fødselen, vil livmorhalsen bli mjukare og kortare, og begynner å opne seg.

Umoden livmorhals/mormunn. Illustrasjon
 

Illustrasjonen viser ein umoden livmorhals / mormunn. Mormunnen har ikkje begynt å opne seg og vevet er tjukt, langt og umode, slik det som oftast er før fødselen startar.

Moden livmorhals/mormunn. Illustrasjon
 

Illustrasjonen viser ein moden livmorhals / mormunn der barnets hovud står og pressar mot livmorhalsen som er flata ut og har begynt å opne seg.

For å avgjere korleis vi best kan få sett i gang fødselen, må lege eller jordmor gjere ei gynekologisk undersøking. Dei vil kjenne etter om modningsprosessen har starta.

Først etter undersøkinga kan det vurderast kva for ein metode som er best å bruke for å sette i gang fødselen. Er livmorhalsen umoden, blir første steg i behandlinga oftast å sette i verk tiltak for å fremje modning av livmorhalsen. Om livmorhalsen er moden, vel ein tiltak for å få i gang rier. 



Eit ballongkateter er eit gummikateter med ein ballong i enden.

Kva skjer under behandlinga?

Legen fører kateteret inn i livmora gjennom skjede og livmorhals. Du må liggje med beina i beinbehaldarar medan kateteret blir sett på plass. Når kateteret er på plass, blir ballongen/ballongane fylte med sterilt saltvatn slik at den/dei utvidar seg og trykkjer på livmorhalsen. Denne er ikkje til hinder for vanleg aktivitet som rørsle, dusj og toalettbesøk. Det er vanleg at det kjem utflod blanda med litt friskt blod frå skjeden etter at kateteret er sett på plass.

Korleis verkar kateteret?

Irritasjon og trykk frå ballongen mot livmorhalsen fører til at prostaglandsin blir frigjort. Prostaglandin er med på å modne livmorhalsen.

Kateter med sterilt saltvann i livmorhalsen. Illustrasjon.

Korleis opplever du behandlinga?

Kort tid etter at kateteret er sett inn, kan du oppleve modningsrier i livmora (menstruasjonsliknande smerter). Desse smertene varierer i intensitet og styrke og er som oftast forbigåande. Hos nokon vil desse gå over til rier og føre til fødsel.

Dei fleste kan reise heim etter at kateteret er sett på plass. Når du dreg, får du ein avtale om når og kvar du skal komme tilbake til vidare behandling. Om det er tilstandar hos deg eller fosteret som treng ekstra overvaking, vil innlegging bli vurdert av legen.

Kateteret blir som regel liggjande til neste morgon. Du skal kontakte avdelinga dersom kateteret fell ut, vatnet går, du byrjar å blø, får feber, dersom det er mindre fosterrørsler enn vanleg eller anna bekymring.

Målet med denne behandlinga er å modne livmorhalsen og stimulere til samantrekkingar og rieaktivitet. Hormonet prostaglandin blir framstilt syntetisk, og blir brukt for å oppnå denne effekten. Prostaglandin kan bli gitt i form av ei stikkpille/ein kapsel som blir lagd inn i skjeden eller det kan bli gitt som ein tablett som du svelgjer.

Kva skjer under behandlinga?

Ved denne behandlinga er du innlagd på sjukehus. Før behandlinga startar, vil lege/jordmor gjere ei vaginal undersøking for å vurdere lengda på livmorhalsen, posisjon, kor mjuk han er og om han har byrja å opne seg, og kvar i bekkenet barnet er (kalla Bishops skår).

Det vil bli teke ei CTG-registrering av barnet både før og under behandlinga. CTG (carditokografi) er ei elektronisk overvaking av hjarteslaget og aktiviteten til barnet, i tillegg til mors rieaktivitet. Det blir alltid teke ny CTG-registrering før kvar nye dose med prostaglandin blir gitt. Legen vil også vurdere om ultralydundersøking av barnet skal gjerast før behandlinga startar.

CTG-overvaking av barn i mors mage. Foto

Foto: Haukeland universitetssjukehus

Ved stikkpille/kapsel som blir lagd inn i skjeden blir du tilrådd å tømme blæren. Når stikkpilla/kapselen er sett på plass, må du liggje i senga ei stund for å unngå at ho fell ut.  

Kor lenge varer behandlinga?

Kvar fjerde til sjette time blir effekten av behandlinga vurdert, altså ein vurderer om det har hatt nokon effekt på livmorhalsen. Om du får rier/samantrekkingar, vil styrkje og hyppigheita på riene blir fortløpande vurdert.

Det blir gitt ny dose med prostaglandin kvar fjerde til sjette time inntil modning av livmorhalsen er oppnådd, eller du får rier. Kor mange dosar som må til for å oppnå modning av livmorhalsen, varierer frå kvinne til kvinne. Jordmor/lege vil fortløpande vurdere effekt av behandlinga og tilstanden til deg og barnet, og ut frå dette planleggje vidare behandling, oppfølging – og setje i gang tiltak.

Nokre kvinner får hyppige, plagsame kynnarar/samantrekkingar av livmora i samband med denne behandlinga, utan at fødselsriene kjem i gang. Om ikkje desse samantrekkingane fører til opning av livmorhalsen, så har samantrekkingane likevel ein viktig funksjon for modninga av livmorhalsen.

Dersom riene ikkje blir sterkare og regelmessige i løpet av 2-3 timar etter at vatnet er teke, blir det starta eit riestimulerende drypp med Oxytocin. Dette vil påverke livmora til å trekkje seg saman og etablere rier.

Kva skjer under behandlinga?

Jordmora legg inn ein venekanyle i ei av blodårane oppå handa di. Venekanyle er eit tynt plastrøyr som blir liggjande inne i blodåra, og medisinen blir gitt via denne. Slangen blir festa godt med plaster, og du kan bruke handa som vanleg under fødselen.

Dosen blir fortløpande vurdert og justert. Når fødselen blir sett i gang med drypp, blir du kopla til eit CTG-apparat som registrerer hjarteslag hos fosteret og rier.

I nokre tilfelle kjem ikkje riene i gang sjølv om du får drypp. Du kan få samantrekkingar som ikkje får mormunnen til å opne seg eller ikkje får fødselsprosessen til å gå framover. Det kan då vere aktuelt å ta ein pause, før ein igjen set i verk induksjonstiltak. Erfaring viser at ein slik pause er gunstig, og at fødselen kan komme i gang når behandlinga startar igjen.

Plastkrok blir nytta for å

 

CTG-registrering av fosterets hjartelyd, aktivitet og bevegelsar. Foto

I nokre tilfelle kjem ikkje riene i gang sjølv om du får drypp. Du kan få samantrekkingar som ikkje får mormunnen til å opne seg eller ikkje får fødselsprosessen til å gå framover. Det kan då vere aktuelt å ta ein pause, før ein igjen set i verk induksjonstiltak. Erfaring viser at ein slik pause er gunstig, og at fødselen kan komme i gang når behandlinga startar igjen.


Etter

Det kan ta frå nokon timar til fleire dagar frå igangsettinga (induksjonen) startar og til fødselen er i gang og du føder. Det er ikkje mogleg å føreseie kor lang tid det vil ta, før behandlinga har starta og vi ser korleis kroppen din responderer på behandlinga.

Når riene har starta og fødselsprosessen er i gang, vil fødselen som oftast gå som normalt.

Om fødselen ikkje startar

Dersom behandlinga ikkje fører til at fødselen startar, vil legen saman med deg legge ein plan for vidare oppfølging og behandling. Det kan bli aktuelt å avslutte behandlinga og ta ein pause, før ein igjen set i verk igangsettande tiltak. Erfaringa viser at ein slik pause er gunstig, og at fødselen då kjem i gang når behandlinga blir starta igjen.

Om igangsetting av fødselen ikkje fører fram til ein vaginal fødsel eller din og/eller barnets tilstand krev rask forløysing, vil ein vurdere forløysing med keisarsnitt.


Kontakt

Haugesund sjukehus Føde og barsel Haugesund

Kontakt Føde og barsel Haugesund

Oppmøtestad

3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.


Føde og barsel har eigne retningsliner for besøk:
Barnefar: 9-21
Barnets søsken og besteforeldre: 17-18

Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.



Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​