HELSENORGE
Føde og barsel Haugesund

Igangsetjing av fødsel

Igangsetting av fødselen (induksjon) blir alltid gjort på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre gjort når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og / eller barn.

Innleiing

Utgangspunktet for all fødselshjelp er å fremje ein naturleg fødsel. At fødselen startar spontant mellom svangerskapsveke 37 og 42 hos ei frisk mor etter eit ukomplisert svangerskap, er det beste for mor og barn. Men det er ikkje slik for alle. Det kan vere faktorar både hos mor, barnet eller hos begge som gjer at det beste er å framskunde fødselen.

Kor lang tid tar det?

Når vi set i gang fødselen, ønsker vi å framskunde fødselen før kroppen sjølv er klar for dette. Å få fødselen i gang kan derfor ta fleire dagar for nokon kvinner, mens for andre kan det ta berre nokre timar.

Om din fødsel blir sett i gang, bør du innstille deg på at det kan ta tid før fødselsriene startar og du føder.

Det er aldri mogleg å seie nøyaktig kor lang tid ein fødsel vil ta. Når i svangerskapet fødselen blir sett i gang, om du har rier eller fostervatnet har begynt å renne og om du har fødd før, er alle faktorar som kan påverke kor lang tid fødselen tar. Korleis kroppen din responderer på den igangsettingsmetoden som blir brukt, veit vi ikkje før behandlinga er starta.


 

Tilvising og vurdering

Du må alltid ha tilvising frå fastlege eller jordmor i primærhelsetenesta for å bli vurdert ved fødeavdelinga om fødselen bør settast i gang. Ved akutte situasjonar kan du kontakte fødeavdelinga direkte, om mogleg - ring alltid til fødeavdelinga før du drar.

Eit svangerskap blir definert som overtidig frå og med dag 294 (fullførte 42 veker). Helsedirektoratet anbefaler terminkontroll hos spesialist i fødselshjelp når svangerskapet har nådd 41 veker. Du vil få time til terminkontroll av jordmora eller legen som følger deg i svangerskapet.

Om det oppstår sjukdom eller komplikasjonar i svangerskapet, vil du bli tilvist til spesialisthelsetenesta. Fødselen kan bli sett i gang dersom undersøkingane viser at det er den beste behandlinga for mor og / eller barnet.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Terminkontroll (veke 41-kontroll)

Alle gravide får tilbod om terminkontroll på fødeavdelinga der dei skal føde, når dei er 4-7 dagar over termindato fastsett ved ultralyd. Svangerskapet er då ikkje på overtid.

Overtid i svangerskapet er når svangerskapet varer meir enn 42 veker (>294 dagar), eller 11 dagar over termindato fastsett ved ultralyd.

Terminkontrollen kan avtalast til første verkedag som er praktisk gjennomførbar for kvinna og sjukehuset.

Kva skjer under terminkontrollen?

Terminkontrollen er ein utvida svangerskapskontroll. Hugs å ta med deg «Helsekort for gravide» og andre papir du har fått av jordmor / lege til kontrollar. Dette er viktig for at vi skal få ei oversikt over korleis svangerskapet har vore. Dei undersøkingane vi gjer på kontrollen, blir ført på helsekortet.

Ta med deg urinprøve som til ein vanleg svangerskapskontroll. Dei vanlege undersøkingane som blir gjort på ein svangerskapskontroll inngår i undersøkinga. I tillegg gjer vi følgande undersøkingar:

  • CTG-registrering der ein registrerer hjartelyd og aktivitet hos barnet ditt. Registreringa tar om lag ein halv time.
  • Ultralydundersøking for å vurdere mengda av fostervatn, sjå på fosterbevegelsar og fosterets storleik.
  • Vaginalundersøking kan vere aktuelt å gjere.

Dei aller fleste drar heim etter den første terminkontrollen med ny avtale / time til andre terminkontroll - overtidskontroll. For dei fleste vil fødselen starte av seg sjølv før overtidskontrollen.

Overtidskontroll (> 42 veker)

Om du ikkje føder innan svangerskapsveke 42, vil jordmor / lege som følger deg i svangerskapet informere deg om når og kor du skal til overtidsvurdering.

Kva skjer på overtidskontrollen?

På overtidskontrollen blir det gjort ein utvida svangerskapskontroll, der jordmor / lege oftast også vil gjere ei gynekologisk undersøking. Det blir òg gjort ei ultralydundersøking for å kontrollere barnet.

Ut frå dei undersøkingane som blir gjort, ein samtale med deg og ei vurdering av din og barnets tilstand - blir det lagt ein plan for vidare behandling og oppfølging. Om det blir bestemt at fødselen skal settast i gang, vil legen bestemme kva for ein igangsettingsmetode som er best for deg og barnet ditt.



Under

Ulike metodar for å sette i gang fødsel

Det er ulike metodar som kan brukast for å framskunde ein fødsel. Kva metode som blir valt, blir avgjort etter ei individuell vurdering.

Under graviditeten er livmorhalsen fast og fleire centimeter lang. Etter kvart som du nærmar deg fødselen, vil livmorhalsen bli mjukare og kortare, og begynner å opne seg.

Umoden livmorhals/mormunn. Illustrasjon 

Illustrasjonen viser ein umoden livmorhals / mormunn. Mormunnen har ikkje begynt å opne seg og vevet er tjukt, langt og umode, slik det som oftast er før fødselen startar.

Moden livmorhals/mormunn. Illustrasjon 

Illustrasjonen viser ein moden livmorhals / mormunn der barnets hovud står og pressar mot livmorhalsen som er flata ut og har begynt å opne seg.

For å avgjere korleis vi best kan få sett i gang fødselen, må lege eller jordmor gjere ei gynekologisk undersøking. Dei vil kjenne etter om modningsprosessen har starta.

Først etter undersøkinga kan det vurderast kva for ein metode som er best å bruke for å sette i gang fødselen. Er livmorhalsen umoden, blir første steg i behandlinga oftast å sette i verk tiltak for å fremje modning av livmorhalsen. Om livmorhalsen er moden, vel ein tiltak for å få i gang rier. 

Modning av livmorhalsen ved hjelp av kateter (Foley-kateter)

Foley-kateter er ein mjuk gummislange som vanlegvis blir brukt til å tappe urin frå urinblæra (kateterisering). 

Kva skjer under behandlinga?

Kateteret blir ført inn i livmora via skjeden og gjennom livmorhalsen. 

Når kateteret er på plass, blir ballongen i enden av kateteret fylt med sterilt saltvatn. Ein del av kateteret / gummislangen blir hengande ut av skjeden din. Denne blir festa til låret ditt med tape, og er ikkje til hinder for vanleg aktivitet som bevegelse og toalettbesøk. Det er vanleg at det kjem utflod blanda med litt friskt blod frå skjeden etter at kateteret er sett på plass.

Kateter med sterilt saltvann i livmorhalsen. Illustrasjon. 

Korleis verkar kateteret?

Ballongen har to funksjonar; å halde kateteret på plass og modne livmorhalsen for fødsel. Irritasjon og trykk frå ballongen mot livmorhalsen fører til at hormonet prostaglandin blir frigjort. Prostaglandin er med på å modne livmorhalsen.

Kor lenge varer behandlinga?

Du kan reise heim etter at kateret er sett på plass. Om det er tilstandar hos deg eller barnet som treng ekstra overvaking, vil innlegging på sjukehus bli vurdert.

Det er vanlig at ballongen blir liggande i ca. ett døgn. Legen vil vurdere hvor lenge ballongen bør ligge inne hos deg, og vil informere deg om dette. Kort tid etter at kateteret er sett inn, kan du oppleve å få ein del samantrekningar i livmora. Desse samantrekningane varierer i intensitet og styrke, og kan vere smertefulle. Dei kan vare i fleire timar. Hos nokon vil desse utløyse fødselsrier og fødsel.

Før du drar frå sjukehuset vil du få informasjon om korleis du skal forhalde deg om kateteret fell ut heime, og når og kor du skal kome tilbake for vidare behandling. Oppstår det endringar hos deg eller barnet etter du har reist frå sjukehuset, må du ta kontakt med avdelinga.

Modning av livmorhalsen ved bruk av hormon

Målet med denne behandlinga er å modne livmorhalsen og stimulere til samantrekningar og rieaktivitet. Hormonet prostaglandin blir framstilt syntetisk, og blir brukt for å oppnå denne effekten. Prostaglandin kan blir gitt i form av ei stikkpille/ein kapsel som blir lagt inn i skjeden eller det kan bli gitt som ein tablett som du svelger.

Kva skjer under behandlinga?

Ved denne behandlinga er du innlagt på sjukehus. Før behandlinga startar vil lege / jordmor gjere ei vaginal undersøking for å vurdere livmorhalsens lengde, posisjon, kor mjuk han er og om han har begynt å opne seg, og kor i bekkenet barnet er (kalla Bishops score).

Det vil bli tatt ei CTG-registrering av barnet både før og under behandlinga. CTG (carditokografi) er ei elektronisk overvaking av barnets hjarteslag og aktivitet, i tillegg til mors rieaktivitet. Det blir alltid tatt ny CTG-registrering før kvar nye dose med prostaglandin blir gitt. Legen vil også vurdere om ultralydundersøking av barnet skal gjerast før behandlinga startar.

CTG-overvaking av barn i mors mage. Foto
Foto: Haukeland universitetssjukehus


Ved stikkpille/kapsel som blir lagt inn i skjeden, blir du anbefalt å tømme blæra. Når stikkpilla/kapselen er sett på plass, må du ligge i senga ei stund for å unngå at den fell ut.

Kor lenge varer behandlinga?

Kvar 4.-6. time blir effekten av behandlinga vurdert, altså ein vurderer om det har hatt nokon effekt på livmorhalsen. Om du får rier /samantrekningar, vil styrke og hyppigheita på riene vurderast fortløpande.

Det blir gitt ny dose med prostaglandin kvar 4.-6 time inntil modning av livmorhalsen er oppnådd, eller du får rier. Kor mange doser som må til for å oppnå modning av livmorhalsen, varierer frå kvinne til kvinne. Jordmor / lege vil fortløpande vurdere effekt av behandlinga og tilstanden til deg og barnet, og ut frå dette planlegge vidare behandling, oppfølging - og sette i verk tiltak.

Nokon kvinner får hyppige, plagsame kynnarar / samantrekningar av livmora i forbindelse med denne behandlinga, utan at fødselsriene kjem i gang. Om ikkje desse samantrekningane fører til opning av livmorhalsen, så har samantrekningane likevel ein viktig funksjon for modninga av livmorhalsen.

Drypp for å stimulere til rier / rieaktivitet

Når livmorhalsen er moden og klar for å begynne å opne seg, blir ofte oxyticindrypp valt som metode for å sette i gang fødselen.

Kroppen blir då tilført hormonet Oxytocin. Det er hormonet Oxytocin som får livmora til å trekke seg saman, og utløyse rier. Riene får livmorhalsen til å trekke seg til side og lagar opning så barnet kan passere gjennom fødselskanalen.

Kva skjer under behandlinga?

Jordmor legg inn ein venflon i ei av blodårene oppå handa di. Venflon er ein tynn plastslange som blir liggande inne i blodåra, og medisinen blir gitt via denne. Slangen blir festa godt med plaster, og du kan bruke handa som vanleg under fødselen.

Via venflonen får du tilført det riestimulerande hormonet Oxytocin. Mengda Oxytocin som blir tilført, blir justert og vurdert fortløpande. Ein startar alltid med låg dose og trappar gradvis opp, inntil du får rier som fører til at livmorhalsen opnar seg og får fødselen i gang.

Stikke hol på fosterhinnene - ta fostervatnet

Når fødselen blir sett i gang med oxytocindrypp, blir det ofte kombinert med å "ta vatnet". Det vil seie at jordmor / lege ved hjelp av ein liten plastkrok lagar eit hol i fosterhinnene for å få fostervatnet til å renne ut. Dette blir kalla ein amniotomi. Dette vil også stimulere til rier og kan fremje fødselsprosessen.Plastkrok blir nytta for å

Dei aller fleste må ha drypp tilkopla heilt til barnet er fødd. Men det hender også at dryppet kan reduserast og eventuelt fjernast fordi kroppen sjølv tar over produksjonen av Oxytocin. Kroppens eigen rieaktivitet er då komen i gang og overtar for dryppet.

Når fødselen blir sett i gang ved drypp, blir barnets hjarteslag og din rieaktivitet nøye overvaka. Du blir derfor kopla til eit CTG-apparat som registrerer hjarteslag, bevegelse og aktivitet hos barnet. CTG (carditokografi) er ei elektronisk overvaking av barnets hjarteslag og aktivitet, og mors rieaktivitet.

CTG-registrering av fosterets hjartelyd, aktivitet og bevegelsar. Foto 

I nokre tilfelle kjem ikkje riene i gang sjølv om du får drypp. Du kan få kynnarar og rier som ikkje får mormunnen til å opne seg eller ikkje får fødselsprosessen til å gå framover. Då kan det bli aktuelt å ta ein pause eller å avslutte behandlinga. Nokon kvinner får eigne rier etter at vi har stengt av dryppet, men om det ikkje skjer, vil det bli vurdert nytt drypp etter ein pause.

Etter

Det kan ta frå nokon timar til fleire dagar frå igangsettinga (induksjonen) startar og til fødselen er i gang og du føder. Det er ikkje mogleg å føreseie kor lang tid det vil ta, før behandlinga har starta og vi ser korleis kroppen din responderer på behandlinga.

Når riene har starta og fødselsprosessen er i gang, vil fødselen som oftast gå som normalt.

Om fødselen ikkje startar

Dersom behandlinga ikkje fører til at fødselen startar, vil legen saman med deg legge ein plan for vidare oppfølging og behandling. Det kan bli aktuelt å avslutte behandlinga og ta ein pause, før ein igjen set i verk igangsettande tiltak. Erfaringa viser at ein slik pause er gunstig, og at fødselen då kjem i gang når behandlinga blir starta igjen.

Om igangsetting av fødselen ikkje fører fram til ein vaginal fødsel eller din og/eller barnets tilstand krev rask forløysing, vil ein vurdere forløysing med keisarsnitt.

Les mer om
Behandlingen eller undersøkelsen gjøres flere steder

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 20 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 140 kroner.​


Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?