Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hofteleddsdysplasi

Medfødd hofteleddsdysplasi betyr at hofteskåla er steilare og grunnare enn normalt. Leddhovudet på lårbeinet får mindre støtte og sjølve leddet blir ustabilt. Dette kan føre til at leddhovudet glir ut av leddskåla (hofteleddsluksasjon), og hofta vil da vere ute av ledd. Hofteleddsdysplasi disponerer også for tidleg utvikling av slitasje av hofteleddet.

Tilvising og vurdering

Alle barn blir undersøkte av barnelege etter fødselen. Barn med risikofaktorar blir tilviste til ultralydundersøking. Ved sikre kliniske funn og/eller unormale funn ved ultralydundersøking, vil behandling startast opp.

Ved mistanke om hofteleddsdysplasi seinare i første leveår blir barnet tilvist til sjukehus for undersøking. Det gjeld sjølv om barnet er nøye undersøkt som nyfødd.

Dei første 3–4 månadene er ultralyd standardundersøking i tillegg til klinisk undersøking. Seinare blir barnet undersøkt med røntgen i tillegg til undersøking av barneortoped. Barn som blir tilviste, får vanlegvis time til undersøking i løpet av éin månad.

  • hofteleddsdysplasi i familien?
  • seteleie ved fødsel?
  • kliniske funn?

Utgreiing

Mange barn som er fødde med hofteleddsdysplasi kan få normale hofter utan behandling, men det kjem an på kor stabilt ledda er og kor stor dysplasien er.

Legen vurderer om det er hofteleddsdysplasi som skal behandlast eller ikkje.

Utgreiinga består i første omgang av klinisk undersøking og ultralyd eller røntgenbilde av hofta og bekkenet.

Om barnet har alvorleg hofteleddsdysplasi, kan det føre til at leddhovudet glir ut av leggskåla og hoftekula blir liggande ute av ledd. Da vil barnet halte når det begynner å gå.

Dessverre blir ikkje alltid hofteleddsdysplasi oppdaga hos nyfødde. Undersøking av hofta til barnet er derfor alltid ein viktig del av legekontrollane på den lokale helsestasjonen.

Behandling

Om barnelegen oppdagar at hofta lèt seg vippe ut av ledd ved undersøking, startar vi med ein såkalla «putebehandling» (Frejkas pute) før de reiser frå sjukehuset. Vidare instruksjon, behandling og oppfølging vil skje ved poliklinikken på sjukehuset.

Frejkas pute

Frejkas pute ser ut som ei stiv bleie med selar. Puta blir lagd mellom knea til barnet utanpå bleia og ei tynn sparkebukse eller drakt. Puta held hofta bøygd og beina spriker. I denne stillinga ligg leddhovudet stabilt i leddskåla, og leddskåla blir som oftast normal i løpet av tre til fire månader.

Puta skal vere så brei at ho fyller ut mellom knea når hofter og kne er bøygde i ein vinkel på 90 grader. Den skal vere så stram at beina spriker, men så romsleg at de kan stikke eit par fingrar inn mellom beinet og puta. Da kan barnet bevege litt på låra. Det er viktig at låra ikkje sit heilt fast.

Vanlegvis møter barn som har fått pute ved fødselen til enkel klinisk undersøking etter éin til to veker, først og fremst for å sjå om puta passar. Deretter er det ny undersøking ved seksvekersalderen.

Litt over to prosent av alle nyfødde blir behandla med pute frå fødselen, mens i underkant av éin prosent blir behandla frå seksvekersalderen. Putebehandling blir vanlegvis gitt i tre månader, men litt kortare for barn som først startar behandling ved seksvekersalderen.

Plastskjene

Barn som startar behandling først når dei er 2–3 år, blir vanlegvis behandla med ei plastskjene (hofteleddsorthose).

Operasjon

Nokre få barn må opererast, vanlegvis fordi leddhovudet i hofteleddet har blitt liggande utanfor leddskåla. Vi prøver alltid å sette hofta på plass i hofteskåla i narkose utan å opne hofteleddet. Dersom det ikkje lykkast, må hofteleddet opnast for å få hofta på plass.

Alle må ha hoftegips etter slik behandling.

Somme barn må opererast igjen når dei har blitt litt eldre, dersom ikkje hofta har blitt så bra som vi håpar.

Oppfølging

Heime

Frejkas pute skal brukast heile tida, og skal berre takast av under stell av barnet.

Unngå å løfte eller strekke barnet etter beina, og unngå å presse beina saman. Når du skiftar bleie og liknande, løftar du barnet med éi hand under setet. Lengda på barnet skal ikkje målast så lenge barnet bruker puta, og vi anbefaler ikkje babysvømming i denne tida.

Vi anbefaler at barnet ligg på ryggen om det er fødd med hofteleddsdysplasi, men dei første to–tre vekene etter fødselen kan du gjerne legge barnet litt over mot sida, ved for eksempel å legge eit samanrulla teppe bak den eine sida av ryggen og setet. Du bør veksle mellom høgre og venstre sideleie.

Ved kjøp av ny barnevogn, unngå å kjøpe ei smal vogn. Det same gjeld for bilsete.  

Oppfølging på sjukehuset

Same dag som puta blir tilpassa barnet, blir det avtalt tid for kontroll allereie etter to til tre veker for å vere sikker på at puta fungerer bra. Deretter blir kontroll avtalt når barnet er seks veker og når barnet er tre månader.

På tremånaderskontroll tar vi som regel ei ny ultralydundersøking, i tillegg til vanleg legeundersøking. Om resultatet frå undersøkingane er normal, vil putebehandlinga avsluttast. Da kallar vi inn til ei siste undersøking med vanleg legeundersøking og røntgenundersøking etter tre månader til.

Av og til er det nødvendig å forlenge putebehandlinga eller halde fram med ei skjene av plast (hofteleddortose).

Alle barn som blir opererte for hofteleddsdysplasi skal følgast opp av sjukehuset med jamlege kontrollar, ofte heilt til dei er utvaksne. Oppfølginga vil tilpassast kvar enkelt.

Oppfølging på helsestasjon

Som regel følger vi berre opp barnet til det har vore utan pute eller ortose i tre til fire månader. Da sender vi eit brev til den lokale helsestasjonen der vi fortel om behandlinga barnet har fått, og ber om kontroll av hoftene på dei vanlege legekontrollane.

Ver merksam

Sjølv om det svært sjeldan er seinfølger etter slik behandling, skal de som foreldre passe på at barnet ikkje haltar når det begynner å gå.

Kontakt

  • Kontakt Føde og barsel, Haugesund

    Oppmøtestad

    3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

    Besøkstider og retningslinjer for besøk

    • Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
    • Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00

    Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

     

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 




    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

  • Kontakt Føde og barsel, Stord

    Oppmøtestad

    Dagtid i vekedagar:

    Gå inn hovudinngangen ved Stord sjukehus. Avdelinga vår ligg i underetasjen (U1).

    Kveldstid etter kl. 19.00, helg og natt:

    Vi har eigen inngang til avdelinga som kan brukast når hovudinngangen til sjukehuset er stengt. Gå opp trappa til høgre for det interkommunale legevaktsbygget, og følg gangvegen heilt til døra. Dersom døra er stengt, ringer du på ringeklokka til venstre for døra. Vi kjem og hentar deg.

    Besøkstider:

    • Barnefar: kl. 09.00 – 21.00
    • Søsken og besteforeldre: kl. 17.00 – 18.30
    En bygning med trær og biler foran seg

    Stord sjukehus

    Tysevegen 64, 5416 Stord

    Transport

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

    OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

    Praktisk informasjon

    ​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

    Måndag-sundag: 17.00-18.30

    Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

    Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

    ​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Publikumskantine finn du i underetasjen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    ​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.