Behandling

Hemoroider, operasjon HAL

Når eigenbehandling er forsøkt, og dette ikkje hjelper, kan ein vurdere operasjon. Operasjon blir vanlegvis gjort utan overnatting på sjukehuset.

Inndeling av hemoroidar

  • Grad 1 blør berre, bukar ikkje ut og sjåast ikkje ved inspeksjon av endetarmen, men kan bli påvist ved kikkertundersøking
  • Grad 2 bukar ut når du pressar, men glir tilbake av seg sjølv
  • Grad 3 bukar ut konstant og må bli skyvd inn
  • Grad 4 bukar ut og lar seg ikkje skyve på plass (sjeldan tilstand)
Bløding er det hyppigaste symptomet ved hemoroidar grad 1–2. Utskiljing av slim, smerter, kløe, irritasjon og hygieneproblem er dei hyppigaste symptoma ved hemoroidar grad 3–4, men symptom kjem og går. Ved hemoroidar grad 4 kan det også bli lekkasjeproblem.


Tilvising og vurdering

Fastlegen din kan tilvise deg til sjukehuset for vurdering.

Før

Du må tømme tarmen før operasjonen ved hjelp av miniklyster. Følg rettleiinga i innkallinga frå sjukehuset.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 

Under

Pulslyd frå blodåra som fører blod til hemoroiden blir lokalisert ved hjelp av eit proktoskop. Proktoskop er eit spesielt undersøkingsrøyr med dopplerfunksjon (ultralyd) på tuppen. Via proktoskopet blir eit sting sett rundt blodåra, slik at blodforsyninga blir strupa. Det er nødvendig med opptil seks sting på ulike stedar i endetarmskanalen. I tillegg er det vanleg å sy opp hemoroidane (pexi) slik at desse ikkje lenger kjem ut. Stinga fører til at hemoroidane skrumpar, og det blir danna eit lite arr i slimhinna i løpet av 6–8 veker. 

Operasjonen kan bli utført utan bedøving, men oftast er det narkose føretrekt.

Etter

Dei fleste har lite smerter etter operasjonen og kan vanlegvis gå på jobb etter 1–2 dagar. Om hemoroidane også er heisa opp (pexi), kan det vere meir smertefullt i 3–4 dagar etter operasjonen.

Du blir observert i nokre timar etter narkose. Du vil då få mat og drikke. Vi sjekkar også at du har tissa etter operasjonen, før du kan reise heim. Du får med deg resept på smertestillande tablettar.

Det er vanlegvis ikkje behov for spesiell kontroll på sjukehuset. Dersom fleire og store hemoroidar er operert, kan det vere behov for å gjenta prosedyren etter ei tid. Det blir då avtalt kontroll på poliklinikk etter 6–8 veker i første omgang. Plagene dine etter første operasjon er avgjerande for om nytt inngrep er nødvendig.

Ver merksam

Etter operasjonen er det viktig å unngå forstopping. Bruk av eit lett avføringsmiddel, for eksempel Visiblin, Movikol eller Parafin, er nødvendig til avføringa er komme greitt i gang utan behov for å trykke. Det er normalt med litt friskt blod i forbindelse med avføring dei første dagane.

Det er liten risiko for komplikasjonar, men alvorleg bløding kan førekomme, spesielt hos pasientar som bruker blodfortynnande medisinar. Ta kontakt med sjukehuset dersom blødinga ikkje stoppar.


Kontakt

Odda sjukehus Operasjon Odda

Kontakt Operasjon Odda

Oppmøtestad

Operasjon/dagkirurgi, 3. etasje.
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Praktisk informasjon

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina ligg i U-etg.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Det ligg ein kiosken ved hovudinngangen
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-18.00.

Kiosken har ikkje betalingsterminal.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.