Framfall av livmor, operasjon
Framfall av skjede og/eller livmor er ein tilstand kor deler av skjedeveggen eller livmortappen søkke nedover i skjeden og kan kome delvis ut av vagina når ein sitt lenge, har stått eller gått mykje. Operasjonen blir som regel utført via skjeden.
Operasjonen blir gjennomført i narkose eller ved ryggbedøving (spinal eller epiduralanestesi). Operasjonen utførast gjennom skjeden. Avhengig av type framfall blir enten fremre skjedevegg stramma opp og blæra løfta tilbake til sin naturlege plass, bakre skjedevegg stramma opp og forsterka. Nokre gonger blir også livmortappen eller heile livmora fjerna. I nokre sjeldne tilfelle forsterkast skjedeveggen med eit nett laga av kunststoff.
Det er viktig å veta at dersom livmortappen fjernast heilt eller delvis, aukar det risikoen for å føde for tidleg. Operasjon bør derfor gjernast etter at du er ferdig med dine fødslar.
Dersom du ønsker å få satt inn spiral under operasjonen må du på førehand undersøke om sjukehuset har spiral eller om du må ha med denne sjølv.
-
Før
Inngrepet kan utførast med lokal bedøving eller narkose.
-
Under
Dette blir gjort under inngrepet
- Det blir lagt inn eit urinkateter i blæra di, og nokre gonger blir det lagt inn tampongar i skjeden.
- Fremre skjedevegg blir stramma opp og blæra blir løftet til sin naturlige plass.
- Livmorhalsen eller heile livmora blir fjernet.
- Bakre skjedevegg blir stramma opp, og av og til blir musklane i bekkenbunnen trekt saman for å styrke bakre skjedevegg.
- I nokre sjeldne tilfelle blir skjedeveggen forsterka med eit nett laget av kunststoff.
-
Etter
Du vil kunne reise heim etter kort tid. Sjukmelding er vanleg i 1-6 veker. Det kjem an på kor stor operasjon du har hatt og kva type jobb du har. Du bør vere forsiktig med tunge løft (meir enn 5 kg) og tungt arbeid (husvask, støvsuging, bere ved, måke snø og liknande). Vi oppfordrar likevel til vanleg kvardagsleg aktivitet i denne perioden.
Smerter: Det er vanleg med smerter etter operasjonen. Vanlegvis vil paracetamol i kombinasjon med eit betennelsesdempande medikament (for eksempel Voltaren eller Ibux) hjelpe. Ver merksam på at Paralgin Forte/Pinex Forte ofte gir forstopping og bør derfor ikkje nyttast som smertelindring.
Urinkateter: Etter operasjonen kan det nokre gonger vere vanskeleg å tisse. Urinkateteret vil derfor ligge inne inntil ein dag etter operasjonen. Urinkateter og eventuelt tampongar som er lagt inn i skjeden fjernast. Når urinkateteret er fjerna, vil vi kontrollere at du tømmer blæra tilfredstillande. For å vere sikker på at du får tømt blæra di skikkeleg etter inngrepet vil du bli kontrollert med ein blærescanner/ultralyd eller eit eingongs urinkateter etter operasjonen. Du får reise heim når det går greitt å tømme blæra som normalt. Som regel er dette same dag, eller inntil to dagar etter operasjonen.
Forstopping: Du bør passe på å ikkje få forstopping. Kraftig trykk kan bidra til at operasjonen blir mislykka. Derfor er det viktig at du drikk rikeleg (helst vann) og et fiberrik kost samt får mosjon. Dersom du har tendens til forstopping kan det vere lurt å bruke laktulose (Lactulose/Duphalac) førebuande. Det får du kjøpt utan resept på apoteket.
Sting: Stinga er sydd med ein spesiell tråd som forsvinn av seg sjølv. Det kan kome ut trådbitar i nokre veker framover, og dette er normalt.
Bløding: Det er vanleg med blodig utflod som kan lukte i 2-3 veker. Så lenge det er bløding er det auka infeksjonsfare. Vi anbefala at du unngår karbad/offentlig bad og bruk av tampongar så lenge du har bløding
Sjukmelding: Du får med deg sjukmelding i 1-6 veker, avhengig av kva type arbeid du har.
Samleie: Samleie kan du ha etter ca. 4 veker. Det kan kjennast litt trongt og tørt i starten. Prøv deg forsiktig frem. Det kan vere lurt å bruke glidemiddel til å begynne med.
Dersom du har kome i overgangsalder anbefala vi at du bruker eit svakt hormontilskot (for eksempel Vagifem eller Ovesterin) i skjeden. Dette er for å styrke slimhinna.
Les meir om opptrening etter operasjon
Ver merksam
Komplikasjonar kan skje ved alle typar operasjon. Ved operasjon for nedfall av skjede/livmor kan følgande skje:
- Blodsamling
- Bløding
- Infeksjon, inkludert blærekatarr
Sjeldne komplikasjonar:
- Blodpropp
- Veldig sjeldan kan det oppstå problem med bedøvinga.
Får du feber, nedsatt allmenntilstand, smertefull hevelse i beina, aukande smerter eller bløding etter utskrivinga, må du kontakte gynekologisk avdeling direkte på telefon 52 73 23 10. Du vil då få snakke med sjukepleiar eller lege. Det kan bli aktuelt med ny undersøking.
Gå til
Framfall av livmor, operasjon