Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Fjerning av livmortapp (konisering)

Konisering vil seie at vi fjernar den ytre delen av livmorhalsen (livmortappen). Dette blir gjort når det er registrert middels eller store celleforandringar. Disse celleforandringane sit oftast ytterst på livmortappen. Når du har fjerna denne ytre delen av livmorhalsen regnar vi med at du er ferdigbehandla for celleforandringer. Du skal likevel ha jevnlege kontrollar i etterkant.

Dersom vevsprøvar fra livmorhalsen din bekreftar mistanke om celleforandringar, anbefalar vi ein mindre operasjon for fjerning av livmortappen.

Før

Operasjonen gjøres som regel i narkose, men kan også gjøres med lokalbedøvelse eller ryggbedøvelse (spinal).

Dersom du skal ha narkose, vil du før operasjonen snakke med anestesipersonell som har ansvar dette.

Under

Konisering er ein skånsom behandling. Ein kjegleforma bit ytterst på livmortappen blir fjerna med ei lita elektrisk varmeslynge. Siden det vanlegvis ikkje er nødvendig å sy, vil det være ein viss risiko for blødning.

Etter

Etter inngrepet blir det av og til lagt inn ein spesiell tampong i skjeden. Denne fjernar du sjølv samme kveld etter avtale med lege.

Nokon får menstruasjonslignande smerter etter konisering. Det går ca. 3 veker før såret på livmorhalsen har grodd, og i denne perioden må du regne med utflod med blod. Før såret er grodd eller så lenge du blør fraråder vi samleie, tampongbruk og store fysiske utfordringar. Sjukmelding kan være aktuelt i ein dag.

Som regel har dette inngrepet liten betydning for seinere svangerskap.
Biten som er skåren bort blir sendt til undersøking. Både du og henvisande lege får informasjon om prøvesvar.

Etter konisering skal du ta celleprøve, inklusive virusprøve hos fastlegen din etter 6 måneder og etter 12 måneder. Dersom celleprøvane er normale skal du ta ny celleprøve kvart 3. år hos fastlegen din i minimum 10 år.

Hvis det er tvil om at celleforandringane er fullstendig fjerna blir du kalla inn til kontroll seks månader etter koniseringen.

Dersom du har blødning, må du ikke bade i badekar/basseng og ikke bruke tampong. Du bør avstå fra samleie de første 3-4 ukene.

Du bør være forsiktig med tunge løft og hard fysisk trening de første 1-2 ukene, men moderat aktivitet er fint.

Ver merksam

Hvis du skulle begynne å blø tek du kontakt med avdelingen som behandla deg. Blødningsfaren er størst dei fyrste dagene etter operasjonen. Du må også ta kontakt med avdelinga ved aukande smerter og/eller feber.

Kontakt

Haugesund sjukehus Gynekologisk sengepost

Kontakt Gynekologisk sengepost

Oppmøtestad

Oppmøtested gynekologisk sengeposter i 3.etg i nybygget Sydvest. Vi held til sammen med fødeavdelinga.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​