Når det er bestemt at du skal fjerne livmora ved operasjon, vil du bli lagt inn på sjukehus. Det er vanleg å bli innlagt same morgon som du skal opererast. Du kan reise heim 1-3 dagar etter operasjonen.
Livmora kan fjernast enten ved
kikholskirurgi (hysterektomi per laparaskopi), open kirurgi (hysterektomi per laparotomi) eller vaginal hysterektomi. Det er vanleg å bruke kikholskirurgi, men nokon gonger må ein bruke open kirurgi. Årsakar til dette kan vere:
- Livmora er for stor til å gjere det via kikhol
- Du har vore operert i magen tidlegare som gjer at det er meir kompliserte forhold
- Om det oppstår komplikasjonar under kikholsoperasjonen som gjer at ein må ha meir oversikt og sjå inn i magen
Det er legen din som avgjer kva slags operasjon som er best for deg. Nokon gonger kan ein velje å la livmorhalsen bli igjen, mens andre gonger fjernar ein livmorhalsen saman med livmorkroppen. Ved kikholskirurgi er det vanleg å vere på sjukehuset til dagen etter operasjon. Ved open kirurgi ligg du på sjukehus i 1-3 dagar. Alvorlege komplikasjonar er sjeldne.
Førebuingar heime før operasjon
- Du skal ikkje utføre intimbarbering 6 veker før operasjon. Dette for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.
- Før du drar frå heimen, må du dusje (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Du må gjerne vaske håret, men du må vere tørr i håret på operasjonsdagen for ikkje å fryse.
- Ikkje ta på deg body lotion / hudkrem eller sminke etter du har dusja.
- Fjern eventuell naglelakk, smykke, ringar og piercingar.
Faste
Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.
Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.
Operasjonsdagen
Når du kjem til sjukehuset for å bli operert, blir du møtt av ein sjukepleiar som skal gjere deg klar til operasjon. Du får tildelt pasienttøy og ei seng å liggje i medan du ventar på å bli kjørt til operasjon. Sjukepleiaren vil fjerne kjønnshåra slik at det ikkje er hår på operasjonsområdet. Du vil også bli stilt nokon spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingar er gjort riktig. Etter kvart blir du kjørt til operasjonsavdelinga, og du vil få narkose før operasjonen begynner. Operasjonen tar vanlegvis 1-2 timar.
Under operasjonen
Fjerning av livmor ved kikholsoperasjon
Når livmora blir fjerna med kikholskirurgi, vil du komme deg mykje fortare enn om det blir gjort med open kirurgi.
Operasjonen blir gjort med kikholsteknikk (laparoskopi). Eit laparoskop er eit tynt kamera som blir ført inn via ei lita opning i navlen. Instrumentar på storleik med ei lita fingerbreidde blir handtert via små snitt i huda. Dei indre organa blir undersøkt gjennom laparoskopet. Legen løyser livmora inni magen, og fjernar ho enten gjennom skjeden, eller livmora delast opp og så fjerna via kikhola.
Fjerning av livmor ved open kirurgi
Nokon gonger er det planlagt på førehand at livmora skal fjernast med open kirurgi, medan andre gonger kan det oppstå komplikasjonar under ein kikholsoperasjon som gjer at legane må opne opp magen for å få meir oversikt.
Under operasjonen blir det enten laga eit snitt nedst på magen («bikinisnitt») eller på langs frå under navlen og nedover. Det er legen som avgjer kva for snitt du får. Legen løyser livmora inni magen og fjernar ho gjennom snittet på magen.
Fjerning av livmor via skjeden
Når livmora blir fjerna via skjeden utan at ein lagar snitt i huda på magen, kaller vi det ein vaginal hysterektomi. Ved dette inngrepet blir også livmorhalsen fjerna, og du treng ikkje lenger å ta celleprøver.
Under operasjonen vil du ligge i gynekologisk leie. Legen vil via skjeden fjerne livmora. Operasjonen vil bli utført i narkose eller med ryggbedøving (spinal anestesi).
Etter operasjonen
Etter operasjonen blir du liggande på oppvakningsavdelinga i nokre timar. Ein lege vil informere deg om korleis operasjonen har gått. Når du er ferdig overvaka, vil du bli flytta til ein sengepost.
Du kan oppleve å vere svimmel og kvalm i starten, og du vil då få tilbod om kvalmestillande. Du vil også få smertestillande jamnleg etter behov. Det er viktig å komme seg på beina raskt etter ein operasjon. Dette vil sjukepleiarane hjelpe deg med. Det blir lagt inn eit blærekateter og eventuelt eit dren under operasjonen. Dette blir som oftast fjerna same dag eller dagen etterpå.
Om du har fjerna livmora ved kikholskirurgi eller via skjeden, er det vanleg å reise heim dagen etter operasjonen. Ved open kirurgi blir ein som oftast på sjukehuset i nokre dagar etter operasjonen.
Komplikasjonar
Alvorlege komplikasjonar er sjeldne, men kan skje ved alle typar operasjonar. Ved open kirurgi kan følgande skje:
- Bløding under eller etter inngrepet
- Infeksjon i blæra, såret eller djupt i magen
- Skade på urinleiar, blære eller tarm (sjeldan)
- Nerveskadar som gir endra kjensle i hud (sjeldan)
- Blodpropp (sjeldan)
- Problem med bedøving (svært sjeldan)