Om ikkje fødselsriene har begynt når mor kjem til fødeavdelinga, vil fødselen bli satt i gang. Nokon ønsker å bli innlagde på fødeavdelinga og få sett i gang fødselen med ein gang dei får vite at barnet er dødt, mens andre treng litt meir tid.
Igangsetting kan utførast med ballongkateter, cytotec, amniotomi og riestimulering med oxytocin.
Om mors helse tillater det, kan det vere godt for mor/foreldra å få litt tid frå dei får beskjed om at barnet er dødt, til fødselen settast i gang. Mange vel då å dra heim til familien, barn og/eller nære venner, men har ein avtale om når dei bør komme tilbake til fødeavdelinga.
Fødsel og smertelindring
Under fødselen blir mor/foreldra følgd tett opp av jordmor og lege. Personalet er der for å gi støtte, omsorg og tilgjengeleg informasjon om kva som skal skje, kva som har skjedd og kva som venter i dagane og tida som kjem. Alle får tilbod om smertelindring under fødselen. Epiduralbedøving blir anbefalt til alle som ønsker det – når det er tid og moglegheit for å gi denne bedøvinga.
Barnet
Møte med barnet er eit sterkt augeblikk. For mange kan tanken på skulle sjå og halde barnet vere fjernt før barnet er født – men når barnet er født faller det for dei fleste heilt naturleg og både sjå og halde den vesle. Erfaringar og tilbakemeldingar frå foreldre som tidligare har opplevd å miste sitt nyfødde barn, viser at det er godt og viktig for det vidare sorgarbeidet å ha hatt ein slik fysisk kontakt med den vesle.
Den korte tida mor/foreldra får med barnet sitt blir brukte til å samle flest mogeleg minner. Dei fleste foreldre ønsker å vere mest mogleg samen med barnet etter fødselen. Er det mogleg og foreldra ønsker det, kan også familie, søsken og nære venner få møte barnet.
Foreldra får hjelp av jordmor til å ta bileter og fot-/ handavtrykk av barnet. Jordmor kan også hjelpe foreldra med å kle på barnet. Det kan være fint om barnet får på seg de kleda som var laga eller kjøpt inn til den litle. Sjukehuset har også klede eller tepper som barnet kan få på eller rundt seg.
Støtte og omsorg
Sjukehuspresten er ofte til god hjelp og støtte for foreldre. Sjukehuspresten har mykje kunnskap og erfaring frå arbeid med menneske i krise og sorg. Presten kan og hjelpe til med å planlegge minnestund og/eller gravferd, uansett om foreldra ønsker gravferd i kyrkja eller ikkje.
Årsak til at barnet døydde
Foreldra ønsker alltid ei forklaring på kvifor barnet døydde. Dette er det ikkje alltid mogleg å gi noko svar eller forklaring på. Av og til kan årsaka til dødsfallet avdekkast/sjåast når barnet blir fødd – mens det mange gonger må gjerast ei undersøking av barnet (obduksjon) for å finne årsaka. Foreldra blir alltid spurde og må godkjenne at barnet skal bli obdusert. Uavhengig av obduksjon blir det alltid tatt prøver av fostervatnet, morkake, huda/nase/munn til barnet. Men sjølv med svar på alle desse undersøkingane – som kan ta fleire veker å få svar på - er det ikkje alltid mogleg å finne årsaka til at barnet døydde.
Det er vanleg at foreldra får tilbod om ein samtale med lege på fødeavdelinga nokre veker/månader etter fødselen. Legen vil da gå gjennom prøvesvar og eventuelt resultata frå obduksjonsrapporten med foreldra. Det kan i denne samtalen også vere aktuelt å snakke om korleis eit eventuelt nytt svangerskap bør følgast opp.