Diabetes og svangerskap
Har du kjent diabetes 1 eller 2 før svangerskapet bør blodsukkeret ditt vere godt regulert før du blir gravid fordi det førebygger komplikasjonar.
Tilvising og vurdering
Fastlegen eller jordmor vil legge ein plan og vise til vidare oppfølging i samarbeid med sjukehuset.
Før
Diabetesen din bør vere godt regulert før du blir gravid, det vil seie at HbA1c skal helst vere < 53 mmol/mol. Dette har noko å seie for utviklinga av svangerskapet, og det vil vere med på å førebygge komplikasjonar. Om du har diabetes og planlegg å bli gravid, bør du snakke med fastlegen din om dette.
Når du får bekrefta at du er gravid, er det også viktig at du tar kontakt med fastlegen for å lage ein vidare plan for oppfølging av svangerskapet.
Under
Behovet ditt for insulin og mat vil endre seg i løpet av svangerskapet. Å ha ein velregulert diabetes frå starten og gjennom svangerskapet er viktig for di og barnet si helse. Dårleg regulert diabetes gir auka risiko for komplikasjonar, som for eksempel høgt blodtrykk, svangerskapsforgifting og stort foster.
Du skal gå jamleg til kontroll gjennom heile svangerskapet både til diabeteslege og til gynekolog/fødselslege for å sjekke blodsukker, urin, blodtrykk og allmenntilstanden din. Vekstvurderingar av fosteret blir gjorde månadleg frå svangerskapsveke 24, og kanskje oftare på slutten.
Etter
Barn av mødrer som har diabetes, har auka risiko for å få lågt blodsukker dei første dagane etter fødselen. Det blir derfor mata med morsmjølkerstatning til mjølkeproduksjonen din har komme i gang. Blodsukkeret til barnet blir kontrollert ofte det første døgnet, eller fram til blodsukkerverdiane er fine.
Dersom blodsukkeret til barnet blir for lågt, blir det overflytta til nyføddavdelinga.
I barseltida vil blodsukkerverdiane og behovet ditt for insulin som oftast gå tilbake til slik det var før graviditeten. Ammestart krev likevel ofte ekstra energi, noko som gjer at vi vil følge blodsukkerverdiane dine tett dei første dagane etter at du har fødd.
Dette kan vere komplisert å halde greie på, så indremedisinar skal ha laga ein plan for insulinbehandlinga di etter fødselen som skal vere tilgjengeleg for deg og personalet på barsel.