CT ved Stord sjukehus

Radiologi Stord

CT er ei røntgenundersøking der vi tar snittbilete av dei delane av kroppen din som skal undersøkast. Bileta blir laga ved hjelp av eit dataprogram.
 

Innleiing

CT-undersøkinga er særs nyttig for å:

  • undersøke blødingar, aneurismer (utposingar på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskadar.
  • oppdage svulstar og andre prosessar i heile kroppen.
  • avklare infeksjonar og betennelsestilstandar, samt vurdering av lungevev.
  • vurdere organskadar ved traume.
  • CT kan også nyttast ved vevsprøve (biopsi) av ein svulst.
CT-undersøkinga har ulike navn avhengig av kva del av kroppen som skal  undersøkast.

1. Før

Førebuingane varierer ut frå kva som skal undersøkast. 

Eksakt informasjon om førebuingar til undersøkinga vert sendt til deg ved innkalling, eller det vert opplyst ved avdelinga når timen blir avtalt.

2. Under

Som regel tar undersøkinga mellom ti og 30 minutt, og er smertefri, bortsett frå i dei tilfella ei plastnål (venflon) vert lagt inn i ei blodåre. Nåla vert fjerna etter undersøkinga. Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag, men mange føler ein forbigåande varme gjennom kroppen.

Du vert undersøkt liggande på eit motorisert bord som forflyttar deg inn i opninga av CT-maskina. Maskina er open frå begge sider. Du blir ikkje stengt inne i ein "tunnel". Bordet beveger seg litt når bileta blir tatt. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Enkelte vil også bli bedt om å halde pusten nokre gongar. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen.

Personalet går ut av undersøkelsesrommet når bilda blir tatte. Dei observerer deg gjennom eit vindauge og du kan snakka til dei gjennom ein mikrofon i maskina.


3. Etter

Heimreise

Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelinga i 30 minutt etter at kontrasten er sett inn. For andre pasientar gjeld inga spesiell oppfølging.

Resultat av undersøkinga

Resultatet av undersøkinga kan du dessverre ikkje få med ein gong. Bileta vert granska av ein røntgenlege som lager ein rapport av kva bileta viser. Rapporten vert sendt legen som tilviste deg.

Ved akutte tilstandar får du eit foreløpig svar like etter undersøkinga.

Ver merksam

Normalt sett er det ikkje risikoforhold forbunde med denne undersøkinga. CT-undersøkelsen inneber ioniserande stråling og undersøkingane skal vera tilpassa slik at stråledosen er så låg som mogleg.

Kontaktinformasjon

Radiologi Stord
Stord sjukehus
Besøksadresse
Tysevegen 64, 5416 Stord(Kart)
Besøkstider
måndag - sundag 15.30-18.30
Ta kontakt med avdelinga dersom du har spørsmål om besøk. Føde og barsel har eigne retningsliner for besøk.
Telefon
53 49 10 00
måndag - fredag 8.00-15.30
Telefontidene gjeld sentralbordet.

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Praktisk informasjon

Apotek

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Besøkstider Stord sjukehus

​Alle dagar kl. 15.30-18.30. Ta kontakt med personalet på avdelinga dersom du har spørsmål om besøk. 

 

Barselavdelinga har eigne retningsliner:

Kviletid: 13.00-15.00. Vi tar ikkje i mot besøk i kviletida.

Visittid: 16.30-17.30. Av omsyn til mor og barn tillet vi fire besøkande om gongen.
Pappavisitt: 18.00-20.00.

 

Butikk

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Finne fram på Stord sjukehus

For å finne enklaste veg til avdelinga du skal på, kan du bruke vårt interaktive kart. Det kan vise deg trappefri adkomst og oversikt over inngangar og heisar. Gå til interaktivt kart.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine

​Publikumskantine finn du i underetasjen.
Opningstider: 11.00-14.00 alle kvardagar. Stengt i helger og heilagdagar.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

Parkering

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. For fødande er det mogleg å bli køyrt til fødeavdelinga sin inngang bak sjukehuset.

Røyking

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.