computertomografi nyrer/urinvegar
CT av nyrer og urinvegar
CT er ei røntgenundersøking der vi tar tverrsnittbilete av aktuelle område i kroppen.
Kvifor gjer vi undersøkinga?
CT-undersøking er nyttig for å:
- undersøke blødningar, aneurismer (utposninger på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskader
- oppdage svulstar og andre prosesser i heile kroppen
- vurdere om kreftbehandling verkar
- avklare infeksjonar og betennelsestilstandar
- vurdere organskadar etter skader (traumer)
- vurdere tilstandar i muskel og skjelett
- ta vevsprøve (biopsi)
CT-undersøking av nyrer/urinvegar omfattar også undersøking av nyrebekken, urinleiarar og urinblære.
CT-undersøkinga blir gjort med tilførsel av kontrast i blodåra, for å få betre biletinformasjon.
Ved spørsmål om nyrestein er det ikkje nødvendig å setje kontrast.
Tilvising og vurdering
Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.
Før
Nokre CT-undersøkingar kan innebere førebuingar som blodprøvetaking eller faste/tarmtømming. Forberedelsene varierer ut fra hva som skal undersøkes. Informasjon om hvordan du skal forberede deg til undersøkelsen vil du få i innkallingsbrev eller ved avdelingen når timen blir avtalt. Gje beskjed til legen som tilviser deg dersom du har forhøya stoffskifte, eller om du tidlegare har hatt reaksjoner på intravenøs kontrast, som har krevd behandling.
CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga.
Ved enkelte undersøkingar av nyre og urinvegar skal du ikkje tømme urinblæra den siste halvtimen før undersøkinga.
Amming
Overgang av kontrastmiddel til morsmelk er minimal, og du kan ta CT selv om du ammer.
Førebuing på sjukehuset
Metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogleg kvalitet i bileta.
CT med intravenøs kontrastvæske
I nokre tilfelle må vi setje kontrast i blodårene, men dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bileta.
Dersom du skal ha kontrast i åra, får du eit plastrør (kanyle) lagt inn i ei blodåre. Du vil på førehand bli spurt om du har hatt reaksjonar på kontrastmiddel tidlegare, og enkelte andre risikofaktorar.
Under
Korleis undersøkinga blir utført vil variere ut fra kva som skal undersøkast.
Som regel tar undersøkinga mellom 10 - 30 minutt. Sjølve bilettakinga tek berre nokre få minutt.
Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som forflyttar deg gjennom den korte opninga av CT-maskina. Når bileta blir tatt beveger benken på seg. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Ved nokre undersøkingar blir du bedt om å halde pusten i nokre sekund når bileta blir tatt. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen. Undersøkinga er smertefri.
Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Dei kan sjå deg gjennom eit vindauge, og høyre deg gjennom ein mikrofon i maskina.
CT med intravenøs kontrastvæske
Når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, blir det tatt bilete i serie av dei ulike organa. Når kontrastvæska blir gitt er det vanleg å få ei varmekjensle i kroppen, men denne kjensla forsvinn etter kort tid.
Etter
Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, ber vi deg vente på avdelinga i 30 minutt etter at kontrasten blei sett inn. Vi tar ut venekanylen etter ventetida.
Resultat av undersøkinga
Bileta blir granska av ein røntgenlege (overlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.
Ver merksam
Normalt sett er det ingen risikoforhold forbundet med denne undersøkelsen. CT-undersøkelsen innebærer røntgenstråler og undersøkelsene skal være tilpasset slik at stråledosen er så lav som mulig.
CT med kontrast
I svært sjeldne tilfelle kan enkelte få eit kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått kontrast. Kjøp i så tilfelle reseptfri allergimedisin, evt. kontakt fastlege.
Røntgenkontrast gir svært sjeldan alvorlege allergiliknande reaksjonar.