Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
computertomografi thorax
CT av lungene
CT er ei røntgenundersøking der vi tar tverrsnittbilete av aktuelle område i kroppen.
Kvifor gjer vi undersøkinga?
CT-undersøking er nyttig for å:
undersøke blødningar, aneurismer (utposninger på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskader
oppdage svulstar og andre prosesser i heile kroppen
vurdere om kreftbehandling verkar
avklare infeksjonar og betennelsestilstandar
vurdere organskadar etter skader (traumer)
vurdere tilstandar i muskel og skjelett
ta vevsprøve (biopsi)
CT-undersøkinga blir ofte gjort med tilførsel av kontrast i blodåra, for å få betre biletinformasjon.
Tilvising og vurdering
Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.
Tilvisinga må innehalde informasjon om
kreatinin/eGFR for undersøkingar som krev kontrastmiddel. Skriv inn dato for prøvetaking. eGFR må rekvirerast primært ved prøvetaking. Det er ikkje nok å rekvirere kreatinin.
det er akutt hjelp, eller om pasienten skal innkallast til time. Vi treng å vite kva som er avtalt med pasienten.
hastegrad
pasienten er gravid
pasienten har behov for tolk, og kva språk pasienten snakkar. Tolken kan ikkje vere gravid.
pasienten sin mobilitet.
tidligare reaksjoner på kontrastmiddel ved undersøkingar som krev intravenøs kontrast.
Kliniske opplysningar i tilvisinga må innehalde:
Om pasienten: Kort om det aktuelle: Årsak til at pasienten blir tilvist, symptom, tidlegare sjukdomar og risikofaktorar.
Funn og fakta: Kort om viktige, aktuelle funn ved undersøkinga, aktuelle blodprøver, tidlegare radiologiske undersøkingar.
Klinisk problemstilling: Tentativ diagnose, kva er mistenkt, kva ønsker du å få undersøkt.
Dette har betydning for val av CT-protokoll og at bileta dekker det de spør etter.
Kreatinin/eGFR må fyllast ut på undersøkingar der kontrastmiddel skal brukast.
Skriv inn dato for prøvetaking.
eGFR må rekvirerast primært ved prøvetaking. Det er ikkje lenger nok å rekvirere kreatinin.
Gi tydeleg beskjed om tilvisinga handlar om akutt hjelp eller om pasienten kan innkallast til time.
Ved akutt hjelp skal tilvisar alltid sende med pasienten tilvisinga både på papir og elektronisk.
Vi må få vite kva som er avtalt med pasienten.
Merk tilvisinga med "grad av hast".
Er pasienten gravid må dette gå fram av tilvisinga.
Dersom pasienten har behov for tolk, må dette stå i tilvisinga, og dessutan kva språk pasienten snakkar. Tolken kan ikkje vere gravid.
Tilvisinga må innehalde: - gode kliniske opplysingar - kort og presis skildring av problemstillinga - kva ein ønskjer å få undersøkt. Dette har betydning for val av CT-protokoll og at bilda faktisk dekkjer det du spør etter.
Før
Nokre CT-undersøkingar kan innebere førebuingar som blodprøvetaking eller faste/tarmtømming. Forberedelsene varierer ut fra hva som skal undersøkes. Informasjon om hvordan du skal forberede deg til undersøkelsen vil du få i innkallingsbrev eller ved avdelingen når timen blir avtalt. Gje beskjed til legen som tilviser deg dersom du har forhøya stoffskifte, eller om du tidlegare har hatt reaksjoner på intravenøs kontrast, som har krevd behandling.
CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga.
Amming
Overgang av kontrastmiddel til morsmelk er minimal, og du kan ta CT selv om du ammer.
Førebuing på sjukehuset
Metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogleg kvalitet i bileta.
CT med intravenøs kontrastvæske
I nokre tilfelle må vi setje kontrast i blodårene, men dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bileta.
Dersom du skal ha kontrast i åra, får du eit plastrør (kanyle) lagt inn i ei blodåre. Du vil på førehand bli spurt om du har hatt reaksjonar på kontrastmiddel tidlegare, og enkelte andre risikofaktorar.

Under
Korleis undersøkinga blir utført vil variere ut fra kva som skal undersøkast.
Som regel tar undersøkinga mellom 10 - 30 minutt. Sjølve bilettakinga tek berre nokre få minutt.
Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som forflyttar deg gjennom den korte opninga av CT-maskina. Når bileta blir tatt beveger benken på seg. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Ved nokre undersøkingar blir du bedt om å halde pusten i nokre sekund når bileta blir tatt. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen. Undersøkinga er smertefri.
Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Dei kan sjå deg gjennom eit vindauge, og høyre deg gjennom ein mikrofon i maskina.
CT med intravenøs kontrastvæske
Når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, blir det tatt bilete i serie av dei ulike organa. Når kontrastvæska blir gitt er det vanleg å få ei varmekjensle i kroppen, men denne kjensla forsvinn etter kort tid.

Etter
Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, ber vi deg vente på avdelinga i 30 minutt etter at kontrasten blei sett inn. Vi tar ut venekanylen etter ventetida.
Resultat av undersøkinga
Bileta blir granska av ein røntgenlege (overlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.

Ver merksam
Normalt sett er det ingen risikoforhold forbundet med denne undersøkelsen. CT-undersøkelsen innebærer røntgenstråler og undersøkelsene skal være tilpasset slik at stråledosen er så lav som mulig.
CT med kontrast
I svært sjeldne tilfelle kan enkelte få eit kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått kontrast. Kjøp i så tilfelle reseptfri allergimedisin, evt. kontakt fastlege.
Røntgenkontrast gir svært sjeldan alvorlege allergiliknande reaksjonar.
Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.
OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider: Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.
Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.
Måndag-sundag: 17.00-18.30
Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.
Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.
Publikumskantine finn du i underetasjen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.
Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.
Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Sjukehusområdet er røykfritt.
Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.
Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps.
Logg inn på helse-norge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.
Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand.
Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.
I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.
Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.