Som regel tar undersøkinga mellom ti og 30 minutt, og er smertefri, bortsett frå i dei tilfella ei plastnål (venflon) vert lagt inn i ei blodåre. Nåla vert fjerna etter undersøkinga. Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag, men mange føler ein forbigåande varme gjennom kroppen.
Du vert undersøkt liggande på eit motorisert bord som forflyttar deg inn i opninga av CT-maskina. Maskina er open frå begge sider. Du blir ikkje stengt inne i ein "tunnel". Bordet beveger seg litt når bileta blir tatt. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Enkelte vil også bli bedt om å halde pusten nokre gongar. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen.
Personalet går ut av undersøkelsesrommet når bilda blir tatte. Dei observerer deg gjennom eit vindauge og du kan snakka til dei gjennom ein mikrofon i maskina.