Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Celleforandringar i livmorhalsen

Har du fått påvist celleforandringar i livmorhalsen, er det viktig å vite at celleforandringar ikkje er kreft, men kan hos nokon (10–15 prosent) utvikle seg til kreft dersom det ikkje blir behandla. Vi kan ikkje føreseie kva slags celleforandringar som utviklar seg til kreft. Dette er ein prosess som normalt tar lang tid. Alle med uttalte celleforandringar vil få tilbod om behandling.

HPV og celleforandringar

Infeksjon med Humant Papillomavirus (HPV) har vist seg å vere ein viktig faktor for utvikling av livmorhalskreft. Ein vedvarande infeksjon med HPV kan gi alvorlege celleforandringar i livmorhalsen, som ubehandla kan utvikle seg til kreft.

Det finst over 100 typar av HPV. Berre nokre få av desse gir auka risiko for kreft i livmorhalsen. Viruset smittar ved seksuell kontakt, og rundt 70 prosent av alle kvinner blir smitta i løpet av livet. I 90 prosent av tilfella klarer kroppen å kvitte seg med viruset sjølv. Rundt 10 prosent av alle kvinner får celleforandringar som må behandlast, men berre éin prosent utviklar livmorhalskreft.

Det kan vere nok med éin seksualpartnar for å bli smitta med HPV. Ved mange partnarar, aukar risikoen. HPV kan også forårsake kjønnsvorter. Kvinner som har kjønnsvorter, kan ha større risiko for å utvikle livmorhalskreft enn andre.

HPV-vaksine

HPV-vaksinen kan førebygge celleforandringar på livmorhalsen. Folkehelseinstituttet anbefaler vaksinen til barn i 7. klasse i henhold til det anbefalte barnevaksinasjons­programmet.

Det finst mange ulike virus innanfor gruppa Humant Papilloma. HPV 16 og 18 veit vi per i dag kan utvikle seg til livmorhalskreft. Vaksinen gir vern mot desse virusa, og er derfor nyttig også for vaksne kvinner, sjølv om dei kanskje allereie har vore smitta med andre typar HPV.

Screeningprogrammet

Kvinner mellom 25 og 69 år blir anbefalte å ta livmorhalsprøve regelmessig som ein del av screeningprogrammet mot livmorhalskreft. Du får ei påminning frå Kreftregisteret kvart femte år, og du må sjølv bestille time hos fastlegen eller privat gynekolog og ta ei prøve frå livmorhalsen. Om celleprøva viser celleforandringar, vil du bli kontakta av behandlar for vidare oppfølging og eventuelt tilvising til sjukehuset.

Tilvising og vurdering

Det er fastlege eller gynekolog som tilviser deg til sjukehuset. 

Utgreiing

Sjølv om du får påvist celleforandringar, er det ikkje sikkert du vil ha behov for behandling. Det som blir rekna som lette celleforandringar skal observerast jamleg med nye celleprøver, og forsvinn ofte av seg sjølve etter ei tid. Om celleforandringane utviklar seg til å bli det vi kallar for «uttalte celleforandringar», kan det bli aktuelt å ta ein biopsi (vevsprøve) av livmorhalsen. Dette for å vurdere om det er behov for behandling.

Kor lang tid tar normalt utgreiingsfasen?

Å få svaret på ei rutine-celleprøve, tar vanlegvis nokre veker. Utgreiingsfasen hos ein pasient som har behov for behandling, varierer. Mange kan gå i fleire år med lette celleforandringar utan at det utviklar seg vidare, og at  dei treng behandling. Om fastlegen eller den private gynekologen din sender ei tilvising til sjukehuset, er det pliktig til å vurdere tilvisinga di innan 10 arbeidsdagar. Ved mistanke om alvorleg sjukdom, skal konklusjonen komme raskare.

Behandling

Dersom det er bestemt at du skal behandlast for celleforandringar, blir du innkalla til sjukehuset.

Kirurgisk behandling – konisering  

Behandlinga består av eit mindre inngrep kalla konisering av livmorhalsen. Det vil seie at vi fjernar det området på livmorhalsen der celleforandringane sit. Inngrepet vil skje poliklinisk, og du reiser heim kort tid etter.

Konisering er ei effektiv behandling, og dei fleste vil ikkje ha behov for ytterlegare behandling.

  • Du kan ete og drikke som normalt før du kjem til sjukehuset.
  • Du vil av sjukepleiar få informasjon om det som skal skje, før du blir følgd til behandlingsrommet.

Under inngrepet skal du ligge på ein gynekologisk undersøkingsbenk. Du vil få lokalbedøving i livmorhalsen, og legen fjernar ein bit på ytre del av livmorhalsen. Du vil ikkje kjenne smerte under inngrepet. Ein sjukepleiar vil vere til stades under heile behandlinga, som tar om lag 20 minutt.

Etter inngrepet blir du verande på sjukehuset i cirka ein halv time, før du kan reise heim.

Inngrepet vil skje ved dagkirurgisk eining, Haugesund sjukehus.

Oppfølging

Etter inngrepet er det heilt vanleg at du har blødinger, og nokon kan oppleve menstruasjonsliknande smerter i underlivet. Paracet/Ibux hjelpar ofte godt mot dette. Blødingene vil etter kvart gå over til brunleg utflod eller gulaktig sårvæske som kan vere litt illeluktande. Dette er heilt normalt.

  • Etter 7 til 10 dagar kan blødingene frå sårflatene auke. Dette fordi ei sårskorpe fell av. Bløding-/sivingsperioden kan strekke seg over 4 til 6 veker, men dette er veldig individuelt.

  • Vevsbiten som blir fjerna vil bli send til undersøking. Svaret vil vere klart etter cirka 4 veker. Du vil få tilsendt brev i posten med svar uansett resultatet. Kopi av svaret vil også bli send til fastlegen/gynekologen din.

  • Unngå karbad, offentlege bad, samleie og bruk av tampong så lenge blødingene varer, for å unngå infeksjon etter inngrepet.

  • Hald deg i ro dei første 3 dagane etter inngrepet. Etter dette kan du ta opp att aktivitet som normalt.

  • Kontroll etter inngrepet er viktig. Når og kvar kontrollen skal skje, blir avtalt med den legen som behandlar deg på sjukehuset.

Det er ikkje alle pasientar som har behov for behandling. I mange tilfelle forsvinn celleforandringane av seg sjølve. Om du har celleforandringar som ikkje treng behandling, vil du få jamlege innkallingar for å ta celleprøve enten på sjukehuset, hos fastlege eller gynekolog.

På denne måten kan du kjenne deg trygg på at celleforandringane er under kontroll og observasjon. Om dei skulle utvikle seg, vil det bli oppdaga på ein av kontroll-celleprøvene dine, og du vil få behandling raskt.

Ver merksam

Ta direkte kontakt med sjukehuset dersom du etter inngrepet får:

  • Feber
  • Aukande bløding eller kraftig bløding (meir enn ved vanleg menstruasjon)
  • Aukande smerter

Kontakt

  • Ventetid: 6 - 18 uker

    Kontakt Gynekologisk sengepost, Haugesund

    Oppmøtestad

    Gynekologisk sengepost finn du i 3. etasje i nybygget Sydvest på Haugesund sjukehus. Vi held til saman med fødeavdelinga.

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Besøkstider Haugesund sjukehus

    • I dag 17:00 - 18:30

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Ventetid

    6 uker til dagbehandling (18 totalt)

    12 uker til utredning

    Praktisk informasjon

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

  • Ventetid: 6 - 18 uker

    Kontakt Svangerskap og gynekologisk poliklinikk, Haugesund

    Oppmøtestad

    Du finn oss 3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå inn resepsjonen i 1. etasje, deretter gjennom dei doble dørene ved Narvesen kiosken og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

  • Ventetid: Ikke oppdatert

    Kontakt Gynekologisk sengepost, Stord

    Oppmøtestad

    Vi held til i underetasjen (U1) på Stord sjukehus.

    Besøkstid for pårørande:

    Klokka 17.00-18.30 alle dagar.

    En bygning med trær og biler foran seg

    Stord sjukehus

    Tysevegen 64, 5416 Stord

    Transport

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

    OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

    Ventetid

    Ikke oppdatert ventetid for utredning

    Ikke oppdatert ventetid for dagbehandling

    Ikke oppdatert ventetid for innleggelse

    Praktisk informasjon

    ​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

    Måndag-sundag: 17.00-18.30

    Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

    Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

    ​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Publikumskantine finn du i underetasjen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    ​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.