HELSENORGE

Blærekreftoperasjon (TURB)

TURB står for "Transuretral reseksjon av blæretumor", som betyr å fjerne svulst i blæra ved tilgang gjennom urinrøyret. TURB blir utføra på alle pasientar med påvist eller sterk mistanke om blærekreft. Operasjonen blir utført i spinalbedøving eller narkose.


Innleiing

Tilvising og vurdering

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Førebuande dag

Du må møte til ei undersøking  (preoperativ poliklinikk) før operasjonen. Da blir det tatt blodprøver, urinprøver, røntgenbilete og andre nødvendige undersøkingar.

Operasjonsdagen

Operasjonsdagen møter du fastande på sengeposten eller ved dagkirurgisk eining.

​Faste

Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.

Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).

Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.


Du får beroligande og smertestillande medisinar før du blir køyrt i seng til operasjonsavdelinga.

Under

Du får narkose eller spinalbedøving (ryggmargsbedøving) under operasjonen. Eit tynt instrument (skop) blir ført gjennom urinrøyret til blæra. Vi fjernar forandringar i blærevevet og sender vevsprøver til vidare undersøking. 

Under operasjonen legg vi inn eit kateter (slange) gjennom urinrøyret til blæra. Dei fleste pasientane ligg med kateter og gjennomskyl til neste dag. Kateteret blir fjerna dagen etter operasjonen. 

Moglege tilleggsførebuingar og behandling

Fluoriserande stoff i blæra (Hexvix):

Nokre pasientar får ei ekstra undersøking før og etter operasjonen. Dette blir bestemt av behandlande lege for kvar enkelt pasient. Omtrent ein time før operasjonen, set vi inn eit stoff i urinblæra di. Dette blir sett inn gjennom eit kateter. Stoffet blir tatt opp av blæreforandringane og gjer det lettare for legen å finne dei.
Blandinga er ufarleg og gir ikkje biverknader anna enn lett ubehag etter kateteret.

 Cellegift i blæra (Mitomycin):

Dersom legen finn ei forandring som kan vere kreft, blir det i nokre tilfelle gitt ein dose med ei type cellegift (Mitomycin) i blæra. Cellegifta blir gitt gjennom kateteret etter operasjonen. Behandlinga blir gjort for å hindre moglege kreftceller i å feste seg til blæreslimhinna. Denne behandlinga får du når du har komme tilbake på sengeposten. Cellegifta blir liggande i urinblæra og er ikkje skadeleg for resten av kroppen.

  • Det er viktig at du prøver å ha cellegifta inne i ein time.
  • Dersom du får svie eller ubehag må du seie frå, så du kan få smertestillande.
  • Du kan oppleve biverknader som svie og hyppig vasslating.
  • Det første døgnet er det viktig at du vaskar deg godt nedantil etter kvar vasslating og trekker ned to gonger på toalettet.




Etter

Etter operasjonen ligg du først på overvakingsavdelinga, før du blir flytt til sengeposten.

Trongen til å tisse kan komme brått den første tida etter operasjonen, og det kan komme blod i urinen.

Svaret på vevsprøva bestemmer vidare behandling. Du får informasjon om kontrollar eller oppfølging dersom dette er nødvendig.



Mitomycinbehandling

Mitomycinbehandling er ofte ein del av TURB-behandlinga. 


Ver merksam

Den første tida kan det vere noko blod i urinen og litt svie når du tissar. Dersom dette varer lenge, bør du kontakte legen din.

Du bør vere forsiktig med tunge løft dei første vekene, då dette kan føre til at du blør.



Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?