Under inngrepet (TURB), blir det sett inn ein fleksibel slange (kateter) til blæra via urinrøret. Gjennom dette kateteret får vi sprøyta mitomycin inn i blæra. Kateteret blir stengt av i to timar slik at legemiddelet får verke.
Du kan bli bedt om å snu deg frå side til side kvart 15. minutt for å oppnå maksimal overflatekontakt.
Be sjukepleiar om råd dersom du får smerter/spreng under behandlinga.
Særskild informasjon til kvinner: Mitomycin skal ikkje brukast under graviditet, og prevensjon bør brukast i behandlingsperioden. Unngå amming ved behandling med Mitomycin.
Særskild informasjon til menn: Mitomycin kan verke skadeleg på sædceller. Kondom bør brukast i behandlingsperioden.