Spontanabortar delast inn i to kategoriar:
- Inkomplett spontanabort - Aborten har starta, men det er fortsatt mykje vev igjen i livmora.
- Komplett spontanabort - Mesteparten av vevet har kome ut. Det er nå som ein vanlig menstruasjonsbløding og trenger ingen behandling.
Ved inkomplett abort kan du behandlast med tablettar:
Svangerskapslengde kortare enn ni veker
Du startar behandlinga med Mifepriston (Mifegyn®) ved poliklinikken. Resten av behandlinga skjer heime. Misoprostol (Cytotec ®) 800 mikrogram (fire tablettar) settast inn i skjeden 24 timer etter Mifegyn. Disse tablettane får livmora til å trekke seg samen, slik at svangerskapsprodukta støytast ut. Du kan få sterke smerter. Som smertestillande kan du bruke paracetamol og diclofenac. Det er gunstig å vere i normal aktivitet så lenge du klarer, og du kan også ete og drikke som normalt.
Du må ha ein vaksen person heime samen med deg.
Dersom svangerskapsvevet ikkje er støtt ut i løpet av 2 veker må du kontakta poliklinikken for kontroll. Det er fint om du møter fastande i tilfelle det blir nødvendig å tømme livmorhula i narkose.
Svangerskapslengde lenger enn 9 veker
Same behandling gjennomførast, men du blir innlagt på sjukehuset. Det er ofte meir smerter og bløding når svangerskapet har kome lenger og derfor behov for ekstra smertestillande og hjelp av sjukepleiar.