Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Prøvetaking og opningstider

Pasientar skal som hovudregel ta blodprøve hos fastlegen sin. Har du barn under 10 år eller skal ta prøvar som krev spesialbehandling, kan du ta prøvar på sjukehuset.

Laboratoriet i Haugesund

Du finn oss i 4. etasje i sydvestre blokk på Haugesund sjukehus.

Opningstider

Vi har ope kvardagar 8.00-14.30. Torsdagar har vi stengt frå 11.00-11.45.    

Registrer deg på Imatis innsjekkingsautomat i 4. etasje når du kjem. Du får då ein kølapp.

Laboratoriet på Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus.

Opningstider: Kvardagar 8.00-14.30

Registrer deg på Imatis innsjekkingsautomat ved hovudinngangen når du kjem for å få kølapp. Deretter går du til venteområdet for radiologi og laboratoriet.

Laboratoriet i Odda

Du finn oss i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.

Opningstider: Kvardagar 9.00-14.00

Trekk kølapp når du kjem.

Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det. Dette gjeld ved alle laboratoria.

For barn kan det høyrast vondt og skummelt ut å ta blodprøve. Personell ved laboratoria vil gjere det dei kan for at prøvetakinga ikkje skal bli ei negativ oppleving.

Ei fin hjelp for smertelindring hos barnet er å kjøpe bedøvingsplaster eller krem på førehand. Det kan kjøpes reseptfritt på apoteket og heiter EMBLA. Det må settast på minst 1 time før og fjernast 10 minuttar før prøvetakinga. 

  • Unngå hard fysisk aktivitet i dagane før prøvetaking.
  • Sjekk med legen om blodprøvane må tas fastande (å faste betyr at ein ikkje kan ete, drikke, røyke eller bruke snus dei siste 8 timane før prøvetaking. Det er greit å drikke litt vatn).
  • Faste medisinar kan du ta som vanleg med mindre du har fått andre instruksjonar frå legen din.
  • Det er anbefalt at pasienten er i ro 15 minuttar før prøvetaking.
  • Ein må pårekna noko ventetid.  

Ønsker du å gi oss ein tilbakemelding?

Sjå kontaktinformasjon under Om avdelinga.

Sist oppdatert 24.10.2024